13.6. Flamme

13.6.1. Oversyn

Figur 17.288. To eksempel på bruk av filteret «flamme»

To eksempel på bruk av filteret «flamme»
To eksempel på bruk av filteret «flamme»

Eksempel på bruk av filteret


Flammefilteret lager merkverdige, tilfeldige fraktalmønster. Du har ikkje same kontrollen med dette filteret som du har med filteret IFS-fraktal, men så er det enklare å bruke. Du kan styre slumpgeneratoren og velje mellom fleire ulike tema.

[Åtvaring] Åtvaring

Diverre har dette filteret ein feil som gjer at det ikkje greier å arbeide med store bilete. Ein rask test viser at filteret arbeider heilt fint på eit 1024 × 768 piksel bilete, men greier ikkje eit bilete på 2 500 × 2 500 pikslar. Det har til nå ikkje vore råd å få utviklaren i tale for å rette feilen, så det uvisst når eller om feilen blir retta.

[Notat] Notat

Filteret blei gitt til GIMP i 1997 av Scott Draves, som har opphavsrett til filteret. Du kan finne beskrivinga hans av filteret på Internett på [PLUGIN-FLAMES].

13.6.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarNaturFlamme

13.6.3. Innstillingar

Figur 17.289. Innstillingane for filteret «Flamme»

Innstillingane for filteret «Flamme»

Teikne- og kameraparametra blir viste i hovudvindauget. Dei tre første parametra i visinga er lysstyrke, kontrast og gamma. Resultatet av desse vala blir vist i førehandsvisinga. Som oftast er det best å bruke førehandsinnstillingane og korrigere resultatet med fargeverktøya.

Dei andre parametra påverkar teikneprosessen, og blir ikkje viste i førehandsvisinga. Den viktigaste av desse er punkttettleik, som kontrollerer oppløysinga i det teikna mønsteret. Ved hjelp av kameraparametra kan du forstørre og forskyve flammemønsteret til du er nøgd med det du ser i førehandsvisinga. Du kan også lagre og hente fram vellukka flammemønster.

Rediger

Trykk på denne knappen for å få opp redigeringsvindauget.

Figur 17.290. Dialogvindauget for flammeredigering

Dialogvindauget for flammeredigering

Dette vindauget viser ni ulike bilete. Det gjeldande mønsteret blir vist i midten medan dei åtte omkrinliggande bileta viser tilfeldige variasjonar av dette mønsteret. Klikkar du på biletet i midten, vil det bli laga åtte nye, tilfeldige mønster. Mønsteret i dei åtte bileta kan endrast ved å bruke glidebrytaren Fart. Dersom du klikkar på eit av dei åtte bileta, vil dette bli flytt til midten og bli det aktive mønsteret. I nedtrekksmenyen Variasjonar kan du velje mellom fleire ulike tema for å lage fraktalane. Endeleg kan du trykke knappen Slump for å lage nye, tilfeldige forslag.

Opna

Trykk på denne knappen for å hente inn tidlegare lagra innstillingar for dette filteret.

Lagra

Trykk på denne knappen for å lagre den gjeldande innstillinga for dette filteret.

Teikning

Lysstyrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor mørkt (0,0) eller lyst (5,0) mønsteret skal vere.

Kontrast

Med denne glidebrytaren bestemmer du kontrasten i mønsteret. Skala 0,0 til 5,0.

Gamma

Med denne glidebrytaren bestemmer du gammaverdien (ein fargekorreksjon i mellomtonene) i mønsteret. Skala 1,0 til 5,0.

Punkttettleik

Denne glidebrytaren kontrollerar oppløysinga i mønsteret. (Verknaden er ikkje synleg i førehandsvisinga). Ein høg verdi resulterer i ei mjuk, edderkoppnettliknande teikning, medan ein låg verdi gjer at teikninga minner meir om maling med sprayboks.

Overteikning i rommet

Det ser ut til at dette har noe med detaljutrekningane å gjere. Noen forslag?

Radius for romfilteret

Det ser ut til at dette har noe med detaljutrekningane å gjere. Noen forslag?

Fargekart

I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom ulike måtar å fargelegga flammemønsteret:

  • Den fargeovergangen som er vist i verktøykassa.

  • Ein del ferdigdefinerte fargekart.

  • Fargane frå eit bilete som var opna då filteret blei aktivert.

Kamera

Zoom

Denne glidebrytaren blir brukt for å forstørra eller forminska flammemønsteret.

X, Y

Blir brukte for å flytte flammemønsteret rundt om i biletet ved å bestemme x- og y-koordinata for mønsteret.