Denne kommandoen kombinerar verdiane for RGB-kanalane. Han verkar på bilete med og utan alfakanal. Kommandoen har også modus for einsfarga bilete og førehandsvising.
Her bestemmer du kva kanal resultatet skal leggast inn i. Du kan velje mellom raud-, grøn- eller blå-kanalen. Menyen er ikkje aktiv dersom du har kryssa av for Monokrom nedanfor.
Desse glidebrytarane bestemmer fordelinga av raud, grøn og blå i blandinga. Skalaen for kvar av brytarane går frå -200 til 200, og viser kor mange prosent av fargen som skal brukast i resultatkanalen. 100 % tilsvarar verdien av den aktuelle pikselen i fargekanalen. Sjå også eksemplet nedanfor.
Denne omformar RGB-biletet til eit gråskala RGB-bilete. Ofte gir kanalmiksaren eit betre resultat enn dei andre måtane som kan brukast for å lage gråskalabilete. Sjå meir om gråskala i ordlista. Dersom dette valet er aktivert, vil menyen Utkanal vere inaktiv.
![]() |
Notat |
---|---|
Fordelinga 21 %, 72 % og 7 % gir dei same grånivåa som valet gråskala i menyen → . (Dei var 30 %, 59 % og 11 % i GIMP 2.2). |
Utrekningane kan føre til for høge verdiar og såleis eit alt for lyst bilete. Dersom dette valet er avkryssa, vil lysverdiane bli reduserte. Du kan endre fargevektinga utan å forandra lysverdien for biletet.
Laster innstillingane frå ei fil.
Lagrar innstillingane til ei fil.
Sett normanlinnstillingane
Dette er aktiv modus når det ikkje er merka av for Monokrom. Du må då velje Utkanal, dvs. den kanalen som resultatet blir overført til. I dialogvindauget blir fargeverdien sett automatisk til 100, tilsvarande den fargeverdien kanalen har i biletet. Du kan likevel auke eller minske mengda av denne fargen. Det er difor skalaen går frå -200 til +200.
Kvar av dei tre glidebrytarane bestemmer kor mange prosent kvar av fargane skal ha i høve til slik fargane er representerte i originalbiletet. Verdien kvar av pikslane i den aktuelle kanalen vil få blir utrekna i høve til denne prosentverdien før han blir overført til utkanalen. Her er eit eksempel:
Figur 16.150. Originalbiletet med kanalane
Her er vist RGB-verdiane for pikslane i den raude, grøne og blå ruta. Verdiane kan ikkje bli negative, dvs. mindre enn 0, eller større enn 255. Det svarte rektanglet er spesielt fordi svart (0;0;0) ikkje blir behandla av filteret. (0 multiplisert med eit tal blir alltid 0).
Figur 16.151. Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50.
Pikselverdiane i den raude ruta er 230; 10; 10. Prosentsatsane på glidebrytarane er sett til 100; 50; 0 for raud, grøn og blå. I utrekninga blir prosenttala dividerte med 100. Tala på glidebrytarane blir altså omforma til 1; 0,5 og 0. Verdien av raud i utkanalen blir summen av raudt i raudkanalen + raudt i grønkanalen + raudt i blåkanalen, alle multipliserte med respektive prosenttal. Altså: raud-ut = 230 × 1 + 10 × 0,5 + 20 × 0 = 235. Sidan raud er ut-kanal blir ikkje kanalane grøn og blå forandra.
I den grå ruta, som også inneheld raud, gir utrekninga eit tal høgare enn 255, og blir difor sett til 255. I dei tilfella der talet blir negativt, blir verdien sett til 0.
Figur 16.152. Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50. Valet «Behald lysverdi» er aktivert.
Verdien for raud er nå lågare enn i førre eksemplet. Biletet er altså lysare.
Når denne er aktivert, vil førehandsvisinga skifte til gråskala, men biletet er framleis eit RGB-bilete med tre kanalar. Først når du trykker
-knappen blir biletet omforma til gråtone.Figur 16.153. Monokrom aktivert. Behald lysverdi ikkje aktivert. Raud:100 %, grøn: 50 % og blå: 0%.
I kvar av rutene er pikslane omforma til grånivå lik verdien av raudkanalen i originalbiletet. (Bakgrunnen er farga rosa for å gjere dei kvite rutene synlege).
Behald lysverdi arbeider slik i monokromatisk modus (fritt sitert etter forfattaren av programtillegget si beskriving): « Anta at glidebrytarane er sett til 75 % raud, 75 % grøn og 0 % blå. Monokrom er på og Behald lysverdi er av. Resultatet blir då 75 % + 75 % + 0 % = 150 %, altså eit svært lyst bilete. Ein piksel med for eksempel verdien R; G; B = 127; 100; 80 vil ende opp med verdien 127 × 0,75 + 100 × 0,75 + 80 × 0 = 170 for kvar kanal. Dersom Behald lysverdi er aktivert, vil kvar glidebrytar bli skalert slik at dei alltid endar opp med 100 %. I dette eksemplet vil konstanten bli 100 / (75 + 75 + 0) = 0,667. Pikselverdien rekna ut ovanfor blir altså endra til 170 × 0,667 = 113. Behald lysverdi sørger altså for at verdiane for glidebrytarane alltid ender opp med 100 %. Dette betyr at merkelege ting kan hende når brytarane har store negative verdiar. »
![]() |
Notat |
---|---|
Kva kanal bør endrast?: Dette er heilt avhengig av kva du ønskjer å gjere. I prinsippet passar raudkanalen best for endringar i kontrast. Grønkanalen er god på detaljerte endringar medan den blå kanalen som oftast er best på endringar i støy og korning. Kanskje ein ide å også kikke litt på filteret Separer. |