Dette verktøyet bruker den aktive penselen for å gni fargane utover i det aktive laget eller i det aktive utvalet. Verktøyet plukker opp farge undervegs og blandar denne med den neste fargen det møter. Du kan bestemme kor sterk utsmøringa skal vere.
Du kan hente fram dette verktøyet anten
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen S.
Shift-tasten gjer at utglattingsverktøyet teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på , blir det teikna ei rett linje. Klikkar du fleire gonger, skjer utglattinga i rette linjer frå sluttpunktet til den førre linja.
Tastekombinasjonen Ctrl + Shift gjer at verktøyet teiknar i vinklar delelege med 15°. (15°, 30° osv.)
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.