12.4. Dagens tips

Kommandoen Dagens tips opnar eit vindauge med nettopp Dagens tips. Dette er hint som kan hjelpe deg til betre å forstå ein del av dei tinga du kan gjere i GIMP. Ofte ting som ikkje er lette å oppdaga direkte frå dei vanlege metodane. Dette er særleg nyttig for nye brukarar, men også dei avanserte kan av og til oppdaga nye måtar å gjere tinga på.

12.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via HjelpDagens tips

12.4.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.212. Dialogvindauget for «Dagens tips»

Dialogvindauget for «Dagens tips»

Noen av tipsa inneheld ei Lær meir lenke til ei anna side i GIMP-handboka

[Notat] Nytt i GIMP 2.6

Dagens tips blir normalt ikkje vist når du opnar GIMP.