2.6. Navigeringsdialogen

Figur 15.21. Navigeringsdialogen

Navigeringsdialogen

Dersom biletet er større enn biletvindauget vil du bare kunne sjå ein del av biletet på skjermen. I slike tilfelle vil den synlege delen av biletet bli vist som ei ramme på dialogvindauget. Du kan dra ramma rundt i dialogvindauget for å velje kva område som skal visast på skjermen.

For å endre visingsområdet:

2.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeNavigasjon,

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneNavigasjon

  • eller frå biletmenyen via VisNavigeringsvindauget

  • Den raskaste måten er likevel å klikke på ikonet

    i nedre, høgre hjørnet av biletvindauget. Denne metoden aktiverer ikkje zoom-funksjonen.

2.6.2. Å bruke navigeringsdialogen

Glidebrytaren

Dette gir ein meir nøyaktig kontroll med forstørringa enn når du bruker kommandoen Zoom. Denne glidebrytaren kan også flyttast med musehjulet når musepeikaren er på brytaren eler med Ctrl og musehjulet når peikaren er i dei rektangulære områda.

Knappane

Knappane Zoom ut , Zoom inn og Zoom 1:1 treng ikkje nærare forklaring.

Vis heile biletet i vindauget

Gjer at heile biletet får plass i det brukte biletvindauget.

Vis biletet optimalt i vindauget

Biletstorleiken og forstørringsgraden blir justerte slik at heile biletet kan visast i biletvindauget med minst mogleg forstørring.

Reduser biletvindauget til biletvisinga

Sett biletvindauget slik at heile biletet kan visast utan å endra forstørringa. Denne kommandoen er også ei menyoppføring. Sjå meire om det i Del 5.5, “Tilpass vindauget”.