7.49. Forskyving

Kommandoen Forskyving flytter innhaldet i det aktive laget. Alt som blir flytt utanfor laggrensene blir skore vekk. Kommandoen har eit dialogvindauge der du kan bestemme kor langt laginnhaldet skal flyttast og kva det ledige rommet etter flyttinga skal fyllast med.

7.49.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagTransformerForskyv

  • eller med tastesnarvegen Shift+Ctrl+O.

7.49.2. Å bruke kommandoen forskyv

Figur 16.114. Dialogen «Forskyving»

Dialogen «Forskyving»

Forskyving
X, Y

Du skriv verdiar i tekstboksane for kor langt laginnhaldet skal flyttast horisontalt (X) og vertikalt (Y). Positive verdiar gjer at innhaldet blir flytt mot høgre og nedover, negative verdiar mot venstre og oppover. Den vanlege måleeininga er pikslar, men dette kan du forandre etter behov med nedtrekksmenyen. I mange tilfelle vil eininga prosent vere nyttig.

Forskyv med x/2, y/2

Dette merkelege namnet betyr at dersom du trykker på denne knappen vil X og Y bli sett til nøyaktig halve lagbreidda og halve laghøgda.

Utfylling

Du kan velje mellom tre ulike måtar for å fylle det ledige rommet som oppstår etter flyttinga:

  • Bryt rundt: Den ledige plassen på ei av sidene blir fylt opp med den delen av laget som hamnar utanfor lagkanten. Dermed forsvinn ingenting av laget.

  • Fyll med bakgrunnsfarge: Den ledige plassen blir fylt opp med den bakgrunnsfargen som er aktiv i verktøykassa.

  • Gjer gjennomsiktig: Den ledige plassen blir gjort gjennomsiktig. Dersom laget ikkje har alfakanal, er denne kommandoen ikkje aktivert.

7.49.3. Eksempel

Figur 16.115. Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

Original

Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

Y = -40, bryt

Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

Y = -40, bg-farge

Å bruke kommandoen «forskyv» saman med ulike utfyllingar

X = 40, gjennomsikt