7.39. Legg til i utvalet

Kommandoen Legg til i utvalet lagar eit utval frå pikslane i det aktive laget ut frå kor gjennomsiktige dei er. Ugjennomsiktige område blir fullt utvalde, gjennomsiktige område blir ikkje utvalde medan delvis gjennomsiktige område blir delvis utvalde. Det nye utvalet blir lagt til det eksisterande utvalet. Alfakanalen blir ikkje forandra.

Dei andre kommandoane i denne gruppa gjer noko liknande, men i staden for å legge dei to utvala saman, bytter dei anten ut det gjeldande utvalet med det nye, trekker det nye utvalet frå det eksisterande, eller lagar eit nytt utval som er eit snitt av begge.

7.39.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktLegg til utvalet

7.39.2. Eksempel

Figur 16.104. Bruk av «Legg til i utvalet»

Bruk av «Legg til i utvalet»
Bruk av «Legg til i utvalet»

Den eksisterande rektangulære utvalet er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.