6.2. Dupliser

Kommandoen dupliser biletet lagar eit nytt bilete som er ein nøyaktig kopi av originalen, både med omsyn til lag, kanalar og banar. GIMP si utklippstavle og angreloggen blir ikkje berørt.

[Notat] Notat

Eit duplikat av eit bilete er ikkje det same som ei ny vising av biletet. I menyvalet VisNy vising vil derimot alle endringar i originalbiletet også bli vist på den nye visinga.

6.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteDupliser

  • eller med snarvegen Ctrl+D.