3.9. Lim inn

Kommandoen Lim inn legg det som måtte finnast på utklippstavla frå siste «Kopier» eller «Klipp ut» inn i biletet. Det innlimte biletet blir lagt inn som eit «flytande utval» og blir vist som eit eige lag i lagdialogen.

Dersom det finst eit utval i biletet frå før, vil det innlimte biletet bli sett inn med dette utvalet som senterpunkt. Ønskjer du at det gjeldande utvalet skal verke som avgrensing for det innlimte biletet, bruker du kommandoen «Lim inn i» i staden.

[Notat] Notat

Du kan bare ha eitt flytande utval i biletet. Du kan heller ikkje arbeide på andre lag før du har forankra eller fjerna det flytande utvalet.

3.9.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerLim inn

  • eller med snarvegen Ctrl+V.