3.16. Fyll med mønsterelement

Kommandoen Fyll med mønsterelement fyller det aktive laget med det gjeldande mønsterelementet (som blir vist i området Pensel/Mønsterelement/Fargeovergang i verktøykassa. Mønsteret blir også vist til venstre for postnamnet. Dersom enkelte område av biletet bare er delvis utvalde, t.d. som eit resultat av mjuke kantar, vil desse bli fylt delvis i høve til kor mykje dei er utvalde.

Du kan velje andre mønsterelement ved å opna mønsterdialogen.

[Notat] Notat

Dersom biletet ikkje har noe utval, vil heile laget bli fylt.

3.16.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerFyll med mønsterNytt mønsterelement.

  • eller med snarvegen Ctrl+;