2. Hovudvindauge i GIMP

Grensesnittet for GIMP er nå tilgjengeleg i to mudus:

Første gongen du opnar GIMP, vil det bli opna i multivindauge-modus. Du kan bytte til enkeltvindauge-modus frå VindaugeEnkeltvindauge-modus i biletmenyen. Neste gong du opnar GIMP vil det bli opna i enkeltvindauge-modus.

Multivindauge-modus

Figur 3.2. Multivindauge-modus

Multivindauge-modus

Biletet over syner eit vanleg oppsett for GIMP.

Her kan du sjå to panel med eit biletvindauge i midten. Eit anna bilete er delvis maskert. I det venstre panelet er verktøykassa og menyen for verktøyinnstillingane samla. Det høgre panelet viser dialogane for lag, kanalar, banar, angrelogg samla i ein boks med mange faner. Under desse er eit dialogvindauge for penslar, mønsterelement og fargeovergangar. Du kan flytte desse panela rundt på skjermen. Du kan også maskere dei ved hjelp av tasten Tab.

  1. Verktøykassa inneheld ein del symbol som du kan trykke på for å velje verktøy. I normaloppsettet vil også for- og bakgrunnsfargane viste. Du kan også legge til pensel, mønsterelement, fargeovergang og eit ikon for det aktive biletet. Bruk RedigerBrukarinnstillingarVerktøykasse for å endre innstillingane her.

  2. Verktøyinnstillingar. Like under verktøykassa er det limt inn eit dialogvindauge som viser innstillingane for det aktive verktøyet (i dette tilfellet flytteverktøyet).

  3. Biletvindauget. Kvart bilete som blir opna i GIMP, blir vist i eit eige vindauge. Kor mange biletvindauge du kan ha opne samstundes, blir bestemt av ytingane til datamaskinen din, ikkje av GIMP. Det er ikkje råd å gjere noko nyttig i GIMP utan at minst eitt biletvindauge er ope. I biletvindauget finn du også menylinja med hovudmenyane (Fil, Rediger, Utval osv). Desse menyane er også tilgjengelege ved å høgreklikka i vindauget.

    Eit bilete kan vere større enn biletvindauget. Då vil GIMP vise biletet forminska slik at heile biletet er synleg i vindauget. Dersom du viser biletet i 100 % vising, vil det dukke opp rullefelt i kanten av vindauget slik at du kan flytte biletet innføre vindauget.

  4. Samlevindauget Lag, kanalar, banar med lagdialogen open. Legg merke til at i samlevindauga er dialogane eigentleg faner. Den opne dialogen viser lagstrukturen for det aktive biletet. Du kan nå gjere diverse endringar i biletet frå lagdialogen. Rettnok er det råd å gjere nokre få ting med eit bilete utan å bruke lagdialogen, men til vahnleg vil dei fleste finne at det er fornuftig å ha lagdialogen tilgjengeleg heile tida.

  5. Penslar/Mønsterelement/Fargeovergangar: Dialogboksen under lag-dialogen syner dialogane for å handtere penslar, mønsterelement og fargeovergangar. Dialogvindauget for penslane er her opna, dei andre markerte med symbol.

Handtering av dialogar og innlimingsvindauge er omtalte i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Enkeltvindauge-modus

Figur 3.3. Enkeltvindauge-modus

Enkeltvindauge-modus

Du finn dei same elementa som i multivindauge-modus, men med litt andre handteringsmåtar:

  • Venstre og høgre panel er faste. Du kan ikkje flytte dei. Men du kan endra breidda på dei ved å dra flyttepeikaren som kjem fram når musepeikaren er over høgre kant på det venstre panelet. dersom du vil behalda det venstre panelet smalt, bruk glidebrytaren nedst i verktøyinnstillingane for å bla deg gjennom visingsinnstillingane.

    Dersom du reduserer breidda på eit innlimingsvindauge med mange faner, kan det hende at det ikkje er plass til å vise alle fanene. Det vil då kome fram nokre pispissar som du kan bruke for å rulle gjennom fanene. Som i multivindauge-modus, kan du skjule desse panela ved Tab. Biletvindauget bruker heile plassen mellom panela. NCtrl + Page Up eller Page Down eller Alt + Tal. Tal er tabulatornummeret. Bruk taltastane

Dette forslaget kan du sjå på som eit minimumsoppsett. Det finst eit tital andre dialogar som blir brukte av GIMP til ulike føremål, men som oftast hentar brukaren desse fram når det er behov for dei, og stenger dei att etter bruk. Det vanlegaste er å ha verktøykassa med verktøyinnstillingane, og lagdialogboksen tilgjengelege heile tida. Verktøykassa er viktig for det aller meste du gjer i GIMP. Verktøyinnstillingane er eigentleg eit eige dialogvindauge som på biletet over er limt inn like under verktøykassa. Dett er ganske praktisk i og med at det er vanskeleg å bruke verktøya effektivt utan å sjå korleis dei er innstilte. Lagdialogen vil alltid vere i bruk når du arbeider med lagdelte bilete, det vil i praksis seie omtrent alltid. Det er vel heilt unødvendig å nemne at det også er praktisk å ha biletet framme når du arbeider på det.Dersom du prøver å lukke biletvindauget utan å lagre vil GIMP spørje deg om du verkeleg vil dette.

[Notat] Notat

Dersom skjermen din etter kvart vert noko rotete, er det heldigvis lett å få fram igjen det tidlegare brukte oppsettet ditt ved å gå inn på biletmenyen VindaugeNyleg lukka samlevindauge. Dette menyvalet er berre tilgjengeleg når det er eit opna bilete i biletvindauget. For å legge til, løyse eller lukke ei fane frå samlevindauget, klikk på fanesymbolet i det øvre, høgre hjørnet og klikk deeretter på Legg til fane, Løys fane eller Slett fane alt etter kva ønskje du har.

Dei neste avsnitta vil føre deg gjennom dei ulike komponentane i kvart av vindauga viste på skjermbiletet, og forklare korleis dei kan brukast. Når du har lese gjennom dette, pluss avsnittet som forklarer dei grunnleggjande strukturane for eit GIMP-bilete, bør du ha lært nok til å kunne bruke GIMP til det meste du måtta ha bruk for innan biletbehandling. Deretter kan du kikke gjennom resten av handboka ein dag du finn tid til det, eller du står fast på eit problem. Du vil truleg bli overraska over dei nærast utallege subtile og spesialiserte måtane du kan bruke GIMP på. Ha det morosamt!

2.1. Verktøykassa

Figur 3.4. Verktøykassa

Verktøykassa

Alt i GIMP er bygd opp omkring verktøykassa. Her er ein rask gjennomgang av kva du kan finne i verktøykassa.

[Tips] Tips

I verktøykassa, som i det meste av GIMP elles, kan du la musepeikaren kvile ei lita stund over eitt eller anna, og det vil til vanleg dukke opp ei lita melding som fortel kva dette er og kva det kan brukast til. I mange tilfelle kan du også trykke F1-tasten for å få meir hjelp om det som er under musepeikaren.

Normalt vil berre ikonet for forgrunn og bakgrunn vere synleg. Du kan legge til ikon for pensel - mønsterelement - fargeovergang og symbolet for å vise det aktive biletet i RedigerBrukarinnstillingarVerktøykassa: Verktøyoppsettet.

  1. Verktøysymbola: Desse symbola er knappar som du kan trykke på for å aktivere verktøya for dei ulike føremåla. Dette kan vere for å velje ut deler av biletet, teikne på biletet, omforme bileta osv. Du finn meir om dette i Del 1, “Verktøykassa”. Her finn også eit oversyn over korleis du kan arbeide med verktøya. Dei einskilde verktøya er nærare omtala i kapitlet om verktøya.

  2. Forgrunns-/bakgrunns-fargar: Fargerutene her syner gjeldande forgrunnsfarge (strekfarge) og bakgrunnsfarge. Klikkar du på ei av fargerutene, dukkar det opp ein fargeveljar som gir deg høve til å endre fargen som er i bruk. Klikk på den doble pila og dei to fargane bytter plass. Klikk på symbolet i nedre, venstre hjørnet for å setje fargane til svart og kvit.

  3. Pensel/Mønsterelement/Fargeovergangar: Symbola her viser gjeldande val for desse. Penselen blir brukt av alle verktøya som du kan male på biletet med. («Maling» i dette tilfellet inkluderer også visking og å gjere biletet meir utydeleg). Mønsterelementet blir brukt for å fylle utvalde område på biletet. Fargeovergangen blir brukt kvar gong eit verktøy har behov for gradvise overgangar mellom farger eller fargenyansar. Klikk på kvart av symbola for å få opp dialogvindauget som gir deg høve til å endra innstillingane.

  4. Aktivt bilete: I GIMP kan du arbeide med mange bilete samstundes, men berre eitt av dei er til ei kvar tid aktivt. Her finn du ein miniatyr av det aktive biletet. Klikkar du på miniatyren, kjem det opp ei liste over alle dei opne bileta slik at du kan velje kva bilete du vil arbeide med. Du kan oppnå det same ved å klikka på eit biletvindauge i multi-vindauge-modus eller ein biletfane i enkelt-vindauge-modus.

    Du kan «sleppe ned ein handterar for XDS for å lagra biletet». XDS er eit akronym for «X Direct Save Protocol», som er ein tilleggsfunksjon for X Window Systems grafiske brukargrensesnitt i Unix-liknande operativsystem.

[Notat] Notat

GIMP startar alltid opp med dei same verktøya aktive. Dersom du heller vil starte opp med dei verktøya du brukte sist økt, kan du opna menyen brukarinnstillingane i hovudmenyens Lagra innstillingar for inndataeiningar ved avslutning i brukarinnstillingane/Inneiningar.

[Tips] Tips

Du kan ta bort «Wilber's eyes» frå verktøykassa (slik at ho liknar meir på den gamle verktøykassa) ved å legge til denne linja i gimprc-fila: (toolbox-wilber no). Dette vil berre påverka verktøykassa. Auga i biletvindauget er likevel berre synleg når det ikkje er noko bilete der.

[Tips] Tips

Dra og slepp eit bilete frå filutforskaren til verktøyvindauget for å opna det i eit eige vindauge eller fane.