2.5. Sjølvstendige skript

Desse skripta lagar eigne bilete som du eventuelt kan arbeida vidare med. Det er unødvendig å forklara skripta i detalj, dei fleste er sjølvforklarande. For tida er desse skripttypane lagt inn i GIMP frå starten av:

Mønsterelement

Her er det samla ein del skript som produserer ulike former for mønster. Du kan forandre ein del data og såleis påverke det endelege resultatet.

Dersom du opnar t.d. skriptet «Land», vil du sjå at det er mogleg å forandre ein del data i dialogvindauget som dukkar opp. Først har du storleiken på biletet og såleis også på mønsteret. Det er også råd å bestemme kor tilfeldig dette landet skal bli. Fargane som blir brukte kan varierast i og med at dei blir henta frå den aktive fargeovergangen. Du kan også bestemme kor detaljert kartet skal bli og kva målestokk det skal ha. Notasjonen for målestokk er som på vanlege kart. Ønskjer du 1 : 10 skriv du 10. Som med dei fleste av desse filtra, må du nok prøve deg fram med ulike forslag før du får eit resultat som er brukande i ein bestemt samanheng.

Tema for nettsider

Her er nytteverdien nokså synleg. Du finn her skript for å lage tekst, logoar, knappar og mykje meir for nettsidene dine. Alle med same stilen og samsvarande utsjånad. Dermed er det råd å spare ein del tid sidan du ikkje treng finpussa detaljane for hand.

I denne avdelinga finn du mellom anna dei tema som er brukte i «GIMP.org». Dersom du ønskjer å lage eigne tema for nettsidene dine, kan du bruke desse skripta som mønster.

Dialogvindauga til desse skripta er stort sett sjølvforklarande. Har du ønskje om å forandre sjølve skripta, kan desse tipsa vere til litt hjelp:

  • Ikkje rør spesialteikna, slike som ' og "

  • Forsikra deg om at mønsteret du spesifiserer i skriptet verkeleg finst.

  • «Luft» (padding) bestemmer kor mykje plass det skal vere rundt teksten.

  • Ein høg verdi for «fasettbreidde» (bevel width) gir ein illusjon av høgare knapp.

  • Skriv du «TRUE» for «Press», (trykt) vil knappen sjå ut som han er trykt ned.

  • Vel «transparency» dersom du ønskjer eit gjennomsiktig bilete. Vel du ein farga bakgrunn, forsikra deg om at han har same farge som bakgrunnen til nettsidene dine.

Logoar

Her finn du skript som lagar logoar og overskrifter. Mange er både fine og finurlege, men ver litt varsam med å bruke dei direkte frå grunninnstillingane. Blir litt einsformig om alle stiller opp med overskrifter med dei same effektane, tydeleg henta frå desse skripta. Bruk dei heller som eit utgangspunkt for eigen fantasi og vidare arbeid. Dei aller fleste skripta nyttar same oppsettet med omsyn til kva data du kan forandre på:

  1. Skriv ønskt logotekst i tekstfeltet.

  2. Teiknstorleiken blir gitt i pikslar.

  3. Vel skrifttypen du vil bruke for logoteksten.

  4. Når du klikkar på fargeknappen, dukkar det opp eit dialogvindauge der du kan velje skriftfarge.

  5. Etter at du har trykt «OK», vil feltet nedst i dialogvindauget vise framdrifta for skriptet.

Knappar

Her finn du to skript for å lage rektangulære, fasetterte knappar. Det eine skriptet lager firkanta knappar medan det andre lager knappar som er avrunda i begge endane. Mange av innstillingane er dei same som for innstillingane i logoskripta. Du må nok eksperimentera ein del med ulike innstillingar før du blir tilfreds.

Diverse

Her finn du dei skripta som ikkje passar inn i dei andre kategoriane. Akkurat nå ligg det bare eitt skript her, «Kule». Etter at du har sett data for radius, for- og bakgrunnsfarge og lysvinkel, vil dette skriptet generere eit bilete av ei kule. Du kan også markera for om kula skal vere med eller utan skygge.