8.24. Fargelegg frå palett

8.24.1. Oversyn

Dette programtillegget bytter ut fargane i biletet med fargar frå den aktive paletten vald via VindaugeDialogvindaugePalettar.

Kvar piksel i teikneområdet (laget, utvalet o.l.) får farge frå paletten ved at filteret reknar ut fargegløden for pikselen og bruker denne verdien for å hente den fargen som har tilsvarande indeksnummer i paletten. Ein svart piksel i biletet vil såleis få den første fargen i paletten, medan ein kvit piksel vil få den siste fargen. Filteret arbeider både på gråskala- og RGB-bilete, med og utan alfakanal.

8.24.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FargarKartFargelegg frå palett.

8.24.3. Eksempel

Figur 15.167. Den aktive paletten avbilda på ein fargeovergang

Den aktive paletten avbilda på ein fargeovergang

Den gjeldande paletten med 18 fargar

Den aktive paletten avbilda på ein fargeovergang

Til venstre originalbiletet, til høgre etter bruk av «Fargelegg frå palett».