Dette er eigentleg ei samling av ulike filter sett saman slik at det er lett å få oversyn og å samanlikna verknaden. Du kan sjølvsagt utføra det same med dei einskilde filtra, men her er dei altså samla.
Dialogvindauget har to førehandsvisingar, ei som viser originalbiletet og ei som viser korleis biletet vil sjå ut akkurat nå dersom du trykker OK-knappen.
Her bestemmer du kva som skal førehandsvisast:
Heile biletet
Bare utvalet: Bare utvalet blir påverka. Dersom det ikkje finst noe utval (normalinnstillinga), blir heile biletet påverka.
Utval i biletet: Utvalet inne i biletet.
Her bestemmer du kva filter som skal brukast. Du kan velje mellom:
Kulør: Lager ei førehandsvising for kvar av dei tre primærfargane og for dei tre komplimentærfargane på basis av fargemodellen RGB. Dermed er det bare å klikke på den ruta som passar best. Den ruta du klikkar på, blir sett i sentrum. Slik kan du halde fram med klikkinga til du finn det biletet som passar best.
Metning: Tre førehandsvisingar for meir eller mindre metning.
Verdi: Tre førehandsvisingar med meir eller mindre lysverdi (luminitet).
Avansert: Desse innstillingane blir omtalte i dei neste avsnitta.
Påverka område gir deg høve til å velje kva lysområde innstillingane skal verka på. Du har følgjande val:
Skyggar: Mørke fargetoner.
Midttoner
Høglys: Lyse fargetoner
Bestemmer kriteria for utveljinga av pikslane. Du har valet mellom:
Kulør
Metning
Lyserdi
Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje biletet skal endrast når du klikkar på eit vindauge. Korte (0) eller lange (1) steg, eller noe i mellom.
Desse innstillingane blir brukte for å bestemma meir nøyaktig korleis filtra skal påverka biletet og kor stor førehandsvisingane skal vere.
Her kan du forandra storleiken på førehandsvisinga til mindre eller større enn normalstorleiken, som er 80.
Tips | |
---|---|
Trass i at du kan auke førehandsvisinga ein del, hender det ofte at ho blir i minste laget. Dette kan du omgå ved å arbeide på eit forstørra utval av biletet. Deretter inverterer du utvalet og arbeider på resten av biletet. |
Her bestemmer du toneområdet som blir påverka av filteret.
Denne kurva viser vektinga av endringane gjort i biletet. Området kurva verkar på blir bestemt av verkeområdet som er sett: skyggar, mellomtoner eller høglys. Amplituden for kurva blir sett med glidebrytaren Steglengde i hovudvindauget for filteret.
Innstillingane her påverkar overgangane mellom fargetonene. Med glidebrytaren er sett til 0 blir kurva kantete og overgangane hakkete. Trekantane under kurva blir brukte for å finjustera overgangane mellom fargetonene.