Denne kommandoen blir brukt for å ordna rekkefølgja for fargane i fargekartet for indekserte bilete. Sjølve biletet blir ikkje forandra. Det er heller ikkje råd å legge til eller fjerna fargar, då må du bruke dialogen for indeksert palett.
Du har tilgang til denne dialogen frå biletmenyen via
→ → . Sidan funksjonen bare kan brukast på indekserte bilete, er menyvalet gråa ut som uverksamt dersom biletet ikkje er indeksert.Forklaringane gjevne i dialogvindauget er eigentleg nok. Du kan klikke og dra fargane rundt på fargekartet eller sortere dei på ulike måtar ved å høgreklikka i dialogvindauget for å få fram lokalmenyen: