Dette filteret modifiserer fargane ved hjelp av trigonometriske funksjonar. Filteret arbeider på fargemodellane RGB og HSV.
Viser resultatet av innstillingane etter kvart.
Du kan velje fargemodell med radioknappane RGB-fargemodell og HSV-fargemodell.
Avkryssingsboksane Endra ... kanalen blir brukte for å bestemma kva kanal du skal arbeide på.
Glidebrytarane blir brukte for å setje frekvens (0 - 5) og faseforskyving (0 - 360) for kvar av fargekanalane.
Frekvens rundt 0,3 til 0,7 lager ei kurve med ein lineær funksjon nokså lik originalbiletet, bare mørkare eller med større kontrastar. Etter som frekvensen aukar vil også variasjonane i pikselomforminga bli meir og meir «utanomjordisk».
Fase endrar verdiomforminga. 0° og 360° gir ein sinusfunksjon medan 90° gir ein kosinusfunksjon. 180° gir invertert sinus og 270° gir invertert kosinus.