9.2. Pensel i ei snarvending

To raske måtar å lage nye penslar på:

  1. Først den superraske måten. Vel det området av biletet du vil lage pensel av ved å marker det med rekteangel- eller ellipse-verktøyet. Kopier dette utvalet ved å trykke på knappen Kopier. Du skal nå kunne finne denne kopien i øvre, venstre hjørne i penseldialogen under namnet «Utklippstavle». Denne kopien kan du nå bruke som pensel.

    Figur 7.21. Utvalet blir ein pensel når du kopierer det:

    Utvalet blir ein pensel når du kopierer det:

  2. Den andre måten er litt vanskelegare.

    Opprett eit nytt bilete med kommandoen FilNytt med for eksempel høgde og breidde sett til 35 pikslar. I avanserte innstillingane kan du f.eks. setje Fargemodell til Gråtoner og Fyll med til Kvit.

    Forstørr visinga av biletet og bruk ein svart blyant for å lage ei teikning på biletet.

    Lagra biletet med filutvidinga .gbr i mappa for eigendefinerte penslar, t.d. /home/_brukarnamn_/.gimp-2.6/brushes/.

    Klikk på knappen Oppdater penslane () i penseldialogen.

    Du vil nå sjå at penselen din dukkar opp saman med dei andre penslane i GIMP, klar til bruk, utan å starta GIMP på nytt.

    Figur 7.22. Stega for å lage ein pensel

    Stega for å lage ein pensel

    Teikna biletet og lagra det som pensel

    Stega for å lage ein pensel

    Oppdater penslane

    Stega for å lage ein pensel

    Bruk penselen