Biletbehandling kan bruke store mengder maskinminne. Dess meir RAM du har tilgjengeleg, dess betre fungerer maskinen. GIMP bruker det som er tilgjengeleg av minne frå operativsystemet så effektivt som råd er. Datafilene blir organiserte i «minneblokker», i første omgang i RAM, men dersom det ikkje er plass der, blir harddisken tatt i bruk som minne. Dette vil føre til at arbeidet går saktare. For å effektivisera minnebruken, blir biletet du arbeider med delt opp i småbitar, såkalla «fliser». Dei flisene du arbeider mest med blir lagra i RAM, medan dei du ikkje arbeider på, eller det er lenge sidan du gjorde endringar i, blir førte over tilharddisken.
Er storleiken på bufferlageret sett lågt, vil GIMP ofte ha behov for å sende data til harddisken. Internminnet, RAM, blir lite utnytta og harddisken får ekstraarbeid. Blir storleiken på bufferlageret sett for høgt, vil andre program oppleve at det er for lite RAM, og må altså ta i bruk harddisken som minneplass. I verste fall kan du oppleve at programma sluttar å verke, eller til og med krasjar, på grunn av for lite minneplass.
Korleis i all verda skal ein då kunne finne kva storleik som passar for bufferlageret på ein bestemt maskin? Her er noen måtar for å bestemme verdiane, og noe få triks i tillegg:
Den enklaste metoden er å gløyme alt om minnelageret og håpe på at førehandsinnstillingane passar. Dette var greiare før då datamaskinane hadde lite RAM (minne) og dei fleste brukarane stort sett laga små bilete med GIMP, og i tillegg stort sett bare køyrde eitt eller to program samstundes. Dersom du bare bruker GIMP til å ta skjermbilete og å lage noen logoar av og til, er dette framleis truleg den beste metoden.
Har du ein nyare datamaskin med 512 Mb eller meir minneplass (RAM), vil eit bufferlager på omkring halvparten av RAM som oftast vere høvande for normal bruk av GIMP, utan å stressa andre program for mykje. Kanskje kan til og med opp til 3/4 av RAM avsetjast til bufferlageret utan å lage konfliktar.
Be noen om å setje opp maskinen for deg. Særleg dersom datamaskinen blir brukt av fleire ulike brukarar samstundes, kan dette vere ein god ide. På den måten unngår du at administratoren eller andre brukarar blir sure på deg fordi du misbruker maskinen, og at du står att med ein underytande GIMP. Er det din maskin, og han bare blir brukt av ein brukar om gongen, kan det bety at du må ut med litt småpengar eller ei venneteneste for jobben.
Start med å auka bufferverdien litt om gongen medan du kontrollerar om GIMP arbeider raskare, samstundes som maskinen din ikkje protesterar på reduksjonen av ledig minne. Åtvaring: Noen gonger kan mangel på minne syne seg nokså plutseleg ved at systemet slår av enkelte program for å halde dei andre programma i live.
Forsøk litt matematikk og rekn ut ein høvande verdi. Kanskje må du finjustere denne seinare med ein av dei andre metodane, men det må du som oftast likevel uansett. I det minste veit du nå kva som skjer, og du kan få det beste ut av datamaskinen.
Lat oss gå ut frå at du vel den siste metoden for å finne ein god startverdi. Først treng du noen data om maskinen din. Altså kor mykje RAM maskinen har, kor stor diskbuffer operativsystemet bruker (swap space) og eit generelt inntrykk av kor rask harddisken som hyser denne diskbufferen er, og kva mappe som blir brukt som diskbuffer for GIMP. Du treng ikkje køyre disktestar eller finne ut rotasjonsfarten på harddisken. Du treng bare gjere ei lausleg vurdering av kva som kan bety noe for bruken av maskinen — og for bruken av GIMP. Du kan endre storleiken på bufferen i menyen
→ .Det neste du må gjere er å sjå kor mykje ressursar du treng til andre program som du ønskjer å køyre samstundes med GIMP. Start alle programma du reknar med å bruke, utanom GIMP, og gjer noe arbeid med dei. Bruk eit program som viser kor mykje minne du bruker, eller helst kor mykje minne det er att. Kva for program er avhengig av kva slag OS (operativsystem, dvs. Unix, Windows osv) du køyrer. Unix held svært lite av minnet fritt for å kunne handtere store filer og store bufferområde. I Linux vil kommandoen free gjere utrekningane for deg. Sjekk kolonnane «free» og linja «-/+ buffers/cache». Noter deg også ledig diskbufferplass.
Nå er det på tide å bestemma seg, og litt enkel matematikk. Valet er mellom å leggje heile bufferen i RAM eller i RAM pluss diskbuffaren.
Endrar du oppsettet stadig vekk eller arbeider lange økter med GIMP? Bruker du mykje tid på GIMP bør du bruke så mykje ledig RAM og ledig diskbuffer som det er tilgjengeleg. Elles bør du gå vidare på denne lista. (Føler du deg usikker på dette, les gjennom lista først). Dersom du veit at kjem til å bytte program heile tida, finn ut kor mykje ledig RAM du har og gå til slutten av lista. Det er i tilfelle ikkje nødvendig å kontrollera fleire ting.
Er operativsystemet og GIMP sine bufferfiler på same fysiske harddisk, les av RAM og bufferstorleik og adder tala. Elles går du til neste punkt på lista.
Er harddisken som operativsystemet ligg på raskare eller held same farten som harddisken GIMP arbeider på, legg saman ledig RAM + diskbuffer. Dersom harddisken med operativsystemet er tregare, noter bare ledig RAM.
Du skal nå ha eit tal som anten fortel kor mykje ledig RAM du har eller ledig RAM + ledig plass på operativsystemet sin diskbuffer. Reduser talet litt, for å vere på den sikre sida, og du har eit godt utgangspunkt for kor mykje bufferplass GIMP har bruk for.
Som du ser, går det heile ut på å finne dei ledige ressursane og avgjere om det er verd å bruke operativsystemet sin diskbufferen, eller om dette vil bli meir til ulempe enn til hjelp.
Det kan likevel hende du seinare ønskjer å forandra den verdien du kom fram til. Oftast fordi du har endra måten du bruker datamaskinen din på, eller du har lagt til ny maskinvare eller nye program. Dei gamle verdiane du kom fram til stemmer kanskje ikkje lenger. Dermed bør du gå gjennom punkta ovanfor på nytt for å sjå om tala har forandra seg mykje.
Ein annan grunn til å revurdere tala dine, kan vere dersom du meiner GIMP arbeider for sakte i forhold til andre program. Dette betyr at GIMP kan bruke eit større minneområde utan at dette går ut over andre program. På den andre sida, dersom dei andre programma syner teikn på manglande minneplass, bør du vurdera å redusera litt på mengda av RAM GIMP har til rådvelde.
Bestemmer du deg for å bruke bare RAM og dette resulterer i at GIMP køyrer for sakte, kan du vurdere å auke RAM-området til GIMP, utan å bruke heile den ledige diskbufferen. Dersom det er motsetningar mellom det å bruke RAM og å bruke diskbuffer, kan du prøve å redusere på RAM-området GIMP har tilgang til.
Eit anna triks kan vere å leggje bufferfilene på ein svært rask harddisk, eller på ein annan harddisk enn den som dei fleste filene dine er plasserte på. Dersom du har høve til det, kan du også prøve å spreie diskbufferane til operativsystemet på fleire harddiskar. Kanskje bør du vurdera å køyre færre program samstundes, eller å kjøpe meir RAM. Trass alt kan du ikkje rekne med å kunne redigere ein stor plakat nokolunde raskt på ein datamaskin med 16Mb ledig minne.
Du bør kanskje også sjå litt på kor mykje minneplass bileta dine krev. Dess større bilete, og dess fleire nivå du har på angreknappen, dess meir plass treng du. Arbeider du mykje med store bilete, kan du stipulera behovet for minneplass ut frå plassen bileta dine treng. I så tilfelle, vil det vel oftast bety at du bør skaffe deg så mykje RAM som maskinen og økonomien din tåler.