Det kjem stendig til nye skrifttypar. Det er difor fornuftig å stikke innom GIMP sine offisielle sider om dette på Fonts in GIMP 2.0.
GIMP bruker «FreeType 2»-metoden for å teikna skrifttypar, og eit system som blir kalla «Fontconfig» for å behandla dei. Alle skrifttypane som er lagra i mappa til Fontconfig kan brukast i GIMP. I tillegg alle skrifttypane som ligg i søkevegen for skrifttypar i GIMP. Du kan bestemma adressa til desse mappene i skrifttypar under dialogen i hovudmenyen. Dersom det er sett opp ei systemmappe for skrifttypar, må du ikkje gjere endringar i eller fjerne denne. Derimot kan du legge til nye skrifttypar eller gjere andre endringar i den personleg mappa fonts
. Du kan også legge til andre mapper for skrifttypar dersom dette er enklare enn å legge skrifttypane inn i den personleg mappa di.
FreeType 2 er eit kraftig og fleksibelt system med støtte for desse filformata:
Skriftformata TrueType (og samlingar)
Type 1 fonts
CID-keyed Type 1 fonts
CFF fonts
OpenType fonts (både TrueType og CFF-variantar)
SFNT-baserte bitmap fonts
X11 PCF fonts
Windows FNT fonts
BDF fonts (inkludert kantutjamna skrifttypar)
PFR fonts
Type42 fonts (avgrensa støtte)
Dersom du har behov for det, kan du legge til modular som støtter andre typar skriftfiler. Sjå på Internett under FREETYPE 2 [FREETYPE] for meir informasjon.
Linux. På eit Linux-system treng du bare legge dei nye skrifttypane inn i mappa ~/.fonts
dersom Fontconfig er sett opp på vanleg måte. Dette vil gjere skrifttypen tilgjengeleg for GIMP og alle andre program som nyttar Fontconfig. Dersom du av ein eller annan grunn ønskjer å avgrensa skrifttypen bare til bruk i GIMP, må du leggja skrifttypen inn i undermappa fonts
i dei personlege GIMP-mappene dine. Dersom du treng dei nye skrifttypane i eit program som alt køyrer, må du trykka knappen () i skrifttypedialogen.
Windows. Den enklaste måten å installera skrifttypar er å dra den aktuelle fila inn i mappa for skrifttypar og la Windows gjere resten. Dersom du ikkje har vore alt for kreativ med å omordna filsystemet, vil du som oftast finna skrifttypane anten i C:\windows\fonts
eller i C:\winnt\fonts
. Dersom du dobbeltklikkar på ein skrifttype, kan det henda han både blir installert og vist fram, andre gonger blir han bare vist. Denne metoden vil gjere skrifttypen tilgjengeleg for alle Windowsprogramma, ikkje bare GIMP.
Mac OS X. Det er mange måtar å installere skrifttypar på. Ein av måtane er å dra-og-sleppe dei i mappa «Fonts» i katalogen «Libraries» i «heimemappa» di. Du kan også bruke Font Book som blir aktivert ved å dobbeltklikke på skrifttypesymbolet i «Finder». Du kan då sjå korleis skrifttypen ser ut før du klikkar på dei du ønskjer å legge til i maskinen din. Desse metodane gjer skrifttypane tilgjengelege for alle programma i maskinen, ikkje bare for GIMP. Dersom skrifttypane skal vere tilgjengelege for alle brukarane, kan du dra-og-sleppe dei i mappa «Fonts» i Mac OS X™ sine mapper, eller i mappa «Computer» i kolonna Collection i Font Book.
For å installera Type-1 filer, treng du både .pfb
- og .pfm
-filene. Dra den fila som har eit ikon inn i mappa for skrifttypar. Den andre fila treng strengt tatt ikkje plasserast i same mappa, men det skader ikkje å gjere det.
I prinsippet kan GIMP bruke alle skrifttypane i Windows så lenge FreeType kan handtera dei. Har du skrifttypar som Windows ikkje har innebygde, installerer du desse i den private fonts
-mappa di i GIMP-katalogen eller ein annan høveleg stad. GIMP på Windows har støtte for i det minste TrueType, Windows FON og Windows FNT. Windows 2000 og seinare har støtte for Type 1 og OpenType. Windows ME har støtte for OpenType og truleg også Type 1. Det mest brukte installasjonsprogrammet for GIMP har offisielt ikkje støtte for Windows ME, men ser ut til å klara det likevel.
Notat | |
---|---|
GIMP bruker Fontconfig for å behandla skrifttypar både i Windows og Linux. Forklaringa ovanfor verkar fordi Fontconfig i utgangspunktet bruker dei same skriftfilene som Windows sjølv nyttar. Dersom Fontconfig er sett opp annleis, kan det vere du må finne ut sjølv korleis typane skal installerast. I alle tilfelle vil skriftfilene lagt i den private mappa |