Kommandoen
gjer utvalet mindre ved å flytte kvart punkt på ramma bort frå næraste rammekant, mot midten av biletet. Flyttelengda blir bestemt i dialogvindauget. Eventuelle mjuke kantar blir bevarte, men kan bli noe forandra ved hjørne og skarpe kurver.Her kan du skrive inn kor mykje utvalet skal reduserast. Normalt blir dette målt i pikslar, men du kan endre måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.
Denne innstillinga kjem bare til nytt når utvalet ligg heilt ute i biletkanten. Dersom denne kommandoen er aktivert, vil krympinga føre utvalet bort frå biletkanten. I motsett fall blir utvalet verande i biletkanten.