10.3. Vis siste igjen

Kommandoen Vis siste igjen gjer det same som Gjenta siste, men denne gongen dukkar dialogvindauget opp med dei sist brukte verdiane sette inn. Dette under føresetnad av at programmet har ein dialog og at det følgjer reglane for programtillegg i GIMP.

[Notat] Notat

Legg merke til at kommandoen køyrer det sist brukte programtillegget, uavhengig om det er frå Filter-menyen eller frå andre stader.

[Tips] Tips

Det er svært vanleg ved bruk av programtillegg, spesielt dersom det ikkje har førehandsvising, at parametra må justerast fleire gonger før resultatet blir tilfredsstillande. Det er difor lurt å lære seg til å bruke snartastane for Angre: Ctrl + Z etterfylgd av Vis siste igjen: Ctrl + Shift + F.

10.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyinnslaget på biletmenyen via FilterVis filter igjen

  • eller med snarvegen Ctrl + Shift + F.