3.7. Kopier

Kommandoen Kopier lagar ein kopi av det aktive utvalet og legg det på utklippstavla. Du kan henta informasjonen tilbake med kommandoane Lim inn, Lim inn i eller Lim inn som ny. Dersom det ikkje er utval, vil heile det aktive laget bli kopiert. «Kopier» arbeider bare på det aktive laget. Alle laga over eller under blir ignorerte.

3.7.1. Aktivering

  • Du får tilgang til dette menyinnslaget frå biletmenyen via RedigerKopier

  • eller med snarvegen Ctrl+C.