2. Å starte GIMP for første gong

Første gongen du tar GIMP i bruk, går programmet gjennom fleire steg for å setje opp diverse opsjonar og filkatalogar. Mellom anna blir det laga ein underkatalog med namnet .gimp-2.6. i heimemappa di. All informasjonen om dei ulike innstillingane du gjer blir lagra her. Dersom du fjernar denne mappa, eller gir ho eit nytt namn, vil GIMP gå gjennom oppstartsprosedyrane på nytt neste gong, og lage ei ny .gimp-2.6-mappe. Du kan utnytte dette dersom du ønskjer å utforske ulike innstillingar utan å øydeleggje det eksisterande oppsettet, eller dersom du skulle hamne så ettertrykkeleg i suppa at alt må gjerast om att.

2.1. Endeleg …

Bare eit par tips før du går i gang. Det første: GIMP har ein del innebygde tips som du kan få fram frå menyen HjelpDagens tips. Desse tipsa fortel ting om GIMP som det ikkje alltid er så lett å finne ut av bare på eige hand ved prøving og feiling, så dei er vel verd tida du bruker på dei. Det andre: Dersom du prøver å gjere eitt eller anna og det ser ut til at GIMP ikkje vil meir, eller oppfører seg på ein uventa måte, kan det verre eit forsøk å lese kapitletAvstressing før du gir heilt opp. Happy Gimping!