11. Mønsterelement

Eit mønsterelement er som oftast eit lite bilete som blir brukt for å fylle eit område ved å leggja kopiar av mønsterelementet side om side som keramiske fliser på ein murvegg. Dersom mønsteret kan leggast slik at det ikkje blir synlege skilje, fuger, mellom mønsterelementa, korkje vertikalt eller horisontalt, seier vi at mønsteret kan flisleggjast. Ikkje alle mønstra kan flisleggjast, men dei som kan det, er som oftast hendigare i bruk enn dei andre. Mønsterelementa i GIMP kan vel best samanliknast med «mønsterrapport» for eksempel i tapetsering eller lappeteknikk, der mønsterrapporten er det biletet som gjentatt fleire gonger danner det eigentlege mønsteret. At mønsterelementet kan flisleggast vil då kunne samanliknast med at mønsterrapporten «går opp».

Figur 7.27. Eksempel på bruk av mønsterelement

Eksempel på bruk av mønsterelement

Her ser du tre ulike bruk av mønsterelementet «Leopard»: Å fylle eit utval, å teikne med kloneverktøyet og å male ei elliptisk uyval med mønsterelementet.


Det er tre typiske bruksområde for mønsterelementa:

[Tips] Tips

Legg merke til at mønstra gjerne kan vere gjennomsiktige. Dersom du bruker eit mønsterelement som inneheld gjennomsiktige område, vil innhaldet i laget under skine gjennom det nye mønsteret. Dette er ein av dei mange måtane å lage «overlegg» på i GIMP.

Den samlinga med mønsterelement som følgjer med GIMP er nokså tilfeldig. Dei fleste er tilsynelatande lagt inn på slump. Sjølvsagt kan du lage dine eigne mønsterelement, eller legge inn element du har fått frå andre. Søker du på Internett, søk på det engelske «pattern», gjerne med nærare definisjonar i tillegg.

Det mønsterelementet som er i brukt i dei verktøya som nyttar mønster, blir vist på området mønsterelement i verktøykassa. Klikkar du på mønstersymbolet, vil du få opp mønsterdialogen. Du har også tilgang til denne dialogen frå dialogmenyen. Om ønskjeleg, kan du lime mønsterdialogen inn i ein annan dialog eller ha han framme som frittståande dialogvindauge.

Ønskjer du å legge til eigne mønsterelement, må desse lagrast i eit format GIMP forstår, og i ei mappe som ligg i søkevegen til GIMP. Det er fleire format som kan nyttast til mønsterelement:

PAT

Formatet .pat blir nytta bare av GIMP. Du vil såleis ikkje finna mønster i .pat-format utan at det er skrive spesielt for GIMP. Du kan omforma alle kjente biletfiler til .pat-format ved å opne dei i GIMP og deretter lagra dei med filutvidinga .pat.

[Obs] Obs

Ikkje bland saman GIMP sine .pat-filer med filer oppretta av andre program som t.d. Photoshop). .pat er likevel bare ein del av filnamnet.

(GIMPhar støtte for Photoshop.pat-filer opp til ein bestemt versjon).

PNG, JPEG, BMP, GIF, TIFF

Frå og med GIMP 2.2 kan du også bruke desse formata som mønster: .png, .jpg, .bmp, .gif, og .tiff

For å gjere mønsterelementa tilgjengelege, må dei lagrast i ei av mappene der GIMP leiter etter mønster. Som vanleg er det normalt to slike mapper, systemmappa patterns, som du ikkje bør bruke eller endre, og patterns-mappa i den private GIMPkatalogen din. Dersom dette ikkje er nok, kan du legge nye mapper i søkevegen til GIMP ved hjelp av mønsterelement som du finn under mapper i brukarinnstillingane i hovudmenyen. Alle pat-filer, og i GIMP 2.2 og utover, også dei andre aksepterte formata, som GIMP finn i søkevegen for mønsterfiler, vil dukka opp i mønsterdialogen neste gong du startar opp GIMP.

Det finst mange måtar å laga mønsterelement på i GIMP. Du kan nytta alle tilgjengeleg reiskap og filter – spesielt «teiknefiltra». Det finst fleire stader du kan lære meir om kunsten å lage mønsterelement, også på heimesidene for GIMP. Lager du mønsterelement som kan flisleggast, kan det vere ein ide å prøve filteret slør flisfugene for å lage finare overgangar mellom elementa.

Figur 7.29. Eksempel på mønster

Eksempel på mønster

Eksempel på bruk av seks av skripta mønster som følgjer med GIMP. Førehandsinnstillingane er brukte for alle innstillingane unntatt for storleiken. (Frå venstre, første rada: 3D Truchet, Camouflage og Flatland. I andre rada: Land, Render Map, Swirly).


GIMP har ein del eigne skript som lager mønster ved hjelp av mønsterelement. Dei har også eit eige dialogvindauge der du kan bestemma ulike parametrar for ulike detaljar i biletet. Noen av desse mønstra høver best som utklipp til bruk i andre bilete, andre for direkte bruk. Du finn desse skripta i hovudmenyen under UtvidingarMønster.

Figur 7.30. Korleis lage nye mønsterelement

Korleis lage nye mønsterelement