Alle feilmeldingar har sin eigen «Status» som fortel kva som er blitt gjort med meldinga. Her er ei forklaring på kva dei ulike meldingane i «Status» betyr:
Dette er den første statusmeldinga som bli lagt til rapporten. Ho fortel at meldinga er mottatt men ikkje behandla av noen av feilrettarane eller at feilrettarane ikkje er sikre på korleis rapporten skal behandlast vidare, og difor ikkje har lagt til noen statusrapport. I dei verste tilfella kan ein rapport ha status som ubehandla i nærare eitt år, men det er heldigvis unntaka.
Dette betyr at ein av feilbehandlarane har lese rapporten og meiner at rapporten er gyldig og bør behandlast vidare. Det betyr ikkje alltid at noe blir gjort med ein gong. Noen feilrapporter, spesielt ønskje om tilleggsprosedyrar, kan bli liggjande lenge før noen finn på å gjere noe med dei. Andre kan bli retta opp i løpet av noen få timar.
Dette betyr at ein bestemt person har sagt seg villig til å sjå nærare på rapporten. Dette betyr ikkje nødvendigvis at denne personen kjem til å gjere noe med rapporten med det første. Verda er ikkje alltid slik vi skulle ønskje det. I praksis kan altså «Assigned» ofte bety det same som «New».
Dette betyr at utviklarane eigentleg hadde tenkt å gjere rapporten ferdig, men at eitt eller anna kom i vegen. Som oftast at forslaget til reparasjon ikkje var godt nok.
Skulle denne statusmeldinga dukke opp, bør du vere på vakt. Ho betyr kort og godt at reparatørane treng meir informasjon om feilen. Som regel blir det ikkje gjort noe meir med feilen før du har reagert og gitt dei ønskte opplysningane ved å legge inn ein kommentar. Dersom det går for lang tid før du gir respons, kan du risikera at feilmeldinga blir klassifisert som «Incomplete», altså ufullstendig.
Dette betyr at problemløysarane meiner dei har løyst problemet. Dersom du ikkje er samd i dette, kan du opna meldinga på nytt. Sidan svært få er motiverte for å arbeide vidare med ei feilmelding dei eigentleg meiner dei er ferdig med, skal du ha nokså gode grunnar for å gjere det. Det finst fleire måtar å Resolve ein feil, her er kva dei ulike Resolution-meldingane betyr:
Feilrapporten var korrekt og GIMP er nå forandra. Feilen er vonleg reparert.
Feilreparatørane er samde i at feilrapporten var korrekt, men at det vil ta for mykje tid og arbeid å retta feilen, eller at feilen bare oppstår i ekstreme situasjonar som brukarane (nesten) aldri opplever ved normal bruk.
Feilen er rapportert av andre. Får du denne meldinga, vil du som regel også få lenker til den første rapporten. Her kan du ofte finna nok av nyttig informasjon om feilen.
Feilen er ingen feil. Du, og andre, kan meine det er ein feil, men programmet er meint å vere slik. Utviklarane er uvillige til forandre programmet.
Feilrapporten er korrekt, men kan ikkje rettast ved å forandre GIMP. Problemet ligg i operativsystemet, vindaugebehandlaren eller andre stader GIMP ikkje rår med. Av og til kan dette resultera i ein rapport til rette vedkomande utanom GIMP-miljøet.
Feilrapporten inneheld ikkje nok informasjon og innsendaren har ikkje reagert på spørsmål om ytterlegare informasjonar. Som oftast vil rapporten bli ståande minst ein månad eller to før han eventuelt blir fjerna.
Eitt eller anna er feil med rapporten. Vanlegaste feilen er at rapporten er sendt inn fleire gonger. Dette kan lett skje ved eit uhell i somme nettlesarar. Ukorrekt beskriving av korleis programmet oppfører seg, kan også hamne her.
Notat | |
---|---|
Dersom du er usamd i behandlinga av ei feilmelding, kan du alltid legge inn merknad om dette. Alle merknader lagt til rapporten resulterer i ein e-post til GIMP si Bugzilla postliste slik at kommentaren i det minste blir lese av utviklarane. Dette betyr likevel ikkje at dei nødvendigvis vil svare på meldinga. |