Medan GIMP blir opna, kjem det fram eit startbilete som viser framgangen medan programmet lastar inn dei ulike komponentane.
Sjølvsagt kan du tilpassa startbiletet etter eigne ønskje: Opprett ei mappe med namnet splashes
i den private GIMP-mappa di. /home/brukar_namn/.gimp-2.6
i Linux, C:\Documents and Settings\brukar_namn\.gimp-2.6\
i Windows). (Startbiletet blir kalla «splash-screen», difor mappenamnet).
Kopier biletet ditt, eller bileta dine, til mappa splashes
. Når du startar opp GIMP, vil biletet bli henta frå denne mappa. Er det fleire bilete der, vil GIMP velje eit av dei tilfeldig.
Tips | |
---|---|
Forsikra deg om at bileta ikkje er for små. (Prøv t.d. med h = 450, b = 320). |