8.15. Video

8.15.1. Oversyn

Figur 16.147. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Video


Dette filteret simulerer på ulike måtar eit bilete som blir vist på ein biletskjerm.

8.15.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarVideo

8.15.3. Innstillingar

Figur 16.148. Innstillingane for filteret “Video

Innstillingane for filteret Video

Førehandsvising

Førehandsvisinga er uvanleg i og med at ho blir vist på eit fast, innebygd bilete og ikkje på biletet ditt.

Videomønster

Med desse radioknappane kan du velje rasteringsmønster. Det enklaste er å prøve seg fram og sjå på førehandsvisinga kva dei ulike mønstra gjer. Difor finn du heller ikkje noe forklaring her på korleis dei ulike rastera ser ut.

Additiv

Når denne er aktivert, vil rastermønsteret bli lagt til biletet i staden for å bli trekt i frå.

Rotert

Roterer rasteret 90°.