8.9. Avistrykk

8.9.1. Oversyn

Figur 16.125. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Avistrykk


Dette filteret rasterer biletet og gir ein effekt ikkje ulik den som blir brukt på avisbilete. Difor namnet. Rastering er ein prosess der bilete med mange ulike fargar blir omforma slik at dei kan trykkast på maskiner med få fargar og likevel sjå tilnerma ut som originalen.

Det grunnleggande i denne prosesse er å minska oppløysinga for å oppnå ein tilsynelatande betre fargedjupn. (Såkalla “spatiell utjamning” ).

Det er mange måtar å gjere dette på. Den enklaste er rett og slett å fjerna dei minst viktige informasjonane om tonestyrke, slik verktøyet posterisering gjer det. Denne metoden gir ikkje alltid like godt resultat, men biletoppløysinga blir i alle fall uendra.

Dette filteret bruker ein metode som går ut på å redusera biletoppløysinga ved å omforma biletmceller til større eller mindre punkt, avhengig av intensiteten punktet skal representere.

Tenk deg at det blir lagt eit rutenett over biletet. Dette rutenettet vil dele biletet opp i celler som kvar inneheld eit fargepunkt sett saman av gjennomsnittet av pikslane i cella. Storleiken på cella blir bestemt ut frå intensiteten i originalbiletet.

Dersom desse cellen er store, vil dette sjølvsagt føre til merkbar dårlegare oppløysing i biletet. Punkta i cellene er som oftast frå først av sirklar, men blir meir rombeforma når dei blir større. Denne endringa av utsjånaden kan kontrollerast av kontrollen Punktfunksjon.

8.9.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarAvistrykk

8.9.3. Innstillingar

Figur 16.126. Innstillingane for filteret “Avistrykk

Innstillingane for filteret Avistrykk

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Legg merke til at førehandsvisinga i dette filteret i noen oppsett viser heile biletet sjølv om du bare arbeider på ein del av det.

Oppløysing

Denne gruppa kontrollerer cellestorleiken, anten ved å setje storleiken direkte eller ved å setje verdiar for oppløysinga for inngang og utgang.

Inngangs-SPI

Inngangs-SPI: “SPI” er eit mål for oppløysing. (Forkorting for det engelske “Samples Per Inch”. Denne verdien blir sett automatisk ut frå oppløysinga til originalbiletet.

Utgangs-LPI

Utgangs-LPI: “LPI” er eit anna mål for oppløysing. (Forkorting for det engelske “Lines Per Inch”. Her kan du setje ønskt oppløysing for utgangen, dvs. det ferdige biletet.

Cellestorleik

Cellestorleik: Dette er den vanlegaste måten å bestemma oppløysinga på. Set du cellestorleiken direkte, vil oppløysinga stille seg inn automatisk.

Skjerm
Separer til RGB, CMYK, Intensitet

Separer til RGB, CMYK, Intensitet: Her bestemmer du kva for fargemodell biletet skal lagast i. I RGB-modus blir biletet ikkje forandra. Vel du CMYK vil biletet først bli omforma til CMYK, deretter blir kvar fargekanal gjort om til halvtoner og endeleg sett saman igjen til eit RGB-bilete. Desse omformingane skjer internt i filteret. I modus Intensitet blir biletet omforma internt i filteret til gråskala, halvtoner, og resultatet blir brukt som ein alfakanal for inngangsbiletet. Denne metoden kan gi ein del spesielle effektar, men krev ein del eksperimentering. Er du usikker på kva metode du skal velje, er det sikraste å byrja med CMYK.

Svartandel (%)

Når du omformar eit bilete til CMYK vil teorien ikkje stemme heilt med praksis. Ei blanding av grunnfargane Cyan, Magenta og Gul (Y) skal i teorien bli svart, men dette skjer ikkje. Difor må det setjast til ein større eller mindre del svart (K i CMYK) for å få same svartmengda som i RGB-biletet. (Det er same fenomenet som er årsak til at blekkskrivaren har ein ekstra patron for svart).

Lås kanalane

Lås kanalane: Gjer at endringar på ein kanal også blir gjort gjeldande for dei andre kanalane.

Fabrikkinnstillingar

Fabrikkinnstillingar: Trykk på denne for å setje alle innstillingane tilbake til utgangspunktet.

Vinkel

Dette er rastervinkelen, eller vinkelen på “rutenettet” du la over biletet. Ut frå DIN 16 547 er brukbare rastervinklar for eit firefargetrykk for eksempel: Cyan = 75°, Magenta = 15°, Gul = 0°, Svart = 135° (-45°) eller Cyan = 15°, Magenta = 75°, Gul = 0°, Svart = 45°.

Punktfunksjon

Punktfunksjon: Her bestemmer du kva form punkta skal ha for denne kanalen. Sjå førehandsvisinga i celleboksane.

Kantutjamning

Kantutjamninga blir ikkje brukt, og er heller ikkje nødvendig for utskriving av papirkopi. Denne funksjonen er lagt inn for å lage spesielle effektar på bilete som skal visast på skjermen. Legg du til lite grann kantutjamning, vil dette kunne simulere t.d. uklare blekkutskrifter. Ønskjer du å skrive ut eit bilete som har kantutjamning, sett utjamningsgraden til 1, dvs. avslått.

Utjamningsgrad

Utjamningsgrad: Denne glidebrytaren bestemmer kor mange subpikslar som skal brukast for kantutjamninga. Sett til 1 for å kopla frå denne funksjonen. Skriv du inn høge tal her, kan dette føre til at datamaskinen bruker svært lang tid på operasjonen.

8.9.4. Example

Figur 16.127. Her er eit eksempel frå forfattaren si samling:

Her er eit eksempel frå forfattaren si samling: