8.7. Linsefeil

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2506 $ 2008-07-07 kost

8.7.1. Oversyn

Figur 16.116. Eksempel på verknaden av filteret “linsefeil

Eksempel på verknaden av filteret linsefeil

Originalbiletet

Eksempel på verknaden av filteret linsefeil

Etter bruk av filteret


Med dette filteret kan du simulere, men også korrigere, brytingsfeil i linsene i kameraobjektivet.

8.7.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarLinsefeil

8.7.3. Innstillingar

Figur 16.117. Innstillingane for filteret “linsefeil

Innstillingane for filteret linsefeil

Alle glidebrytarane har eit område frå -100,0 til 100,0.

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Hovudeffekt

Denne glidebrytaren bestemmer den sfæriske korrigeringa. Positive verdiar gir ei konveks krumming medan negative verdiar gir ei konkav krumming av biletet. Effekten kan samanliknast med å lime biletet på utsida eller på innsida av ei kule.

Figur 16.118. Eksempel på bruk av “hovudeffekten

Eksempel på bruk av hovudeffekten

-100.0

Eksempel på bruk av hovudeffekten

0.0

Eksempel på bruk av hovudeffekten

+100.0


Kant

Bestemmer kor sterk den sfæriske korrigeringa skal vere ved biletkantane.

Figur 16.119. Eksempel på bruk av innstillinga “kant”. (Hovudeffekten sett til 50,0).

Eksempel på bruk av innstillinga kant. (Hovudeffekten sett til 50,0).

-60.0

Eksempel på bruk av innstillinga kant. (Hovudeffekten sett til 50,0).

0.0

Eksempel på bruk av innstillinga kant. (Hovudeffekten sett til 50,0).

+60.0


Zoom

Bestemmer kor mykje den tenkte linsa skal forstørre eller formisnke biletet.

Figur 16.120. Eksempel på bruk av innstillinga “zoom

Eksempel på bruk av innstillinga zoom

-100.0

Eksempel på bruk av innstillinga zoom

0.0

Eksempel på bruk av innstillinga zoom

+100.0


Vignettering

Bestemmer mengda av “vignettering”. Ein effekt som kan oppstå når brytinga i dei ulike linsene fører til ulik lysabsorpsjon. Resulterer i lysare eller mørkare område, særleg der det er kantar i biletet.

Hovudeffekten eller Kant må ha ein verdi anna enn null for at effekten av denne innstillinga skal vere synleg.

Figur 16.121. Eksempel på bruk av “vignettering”. (Hovudeffekten sett til 75,0).

Eksempel på bruk av vignettering. (Hovudeffekten sett til 75,0).

-25.0

Eksempel på bruk av vignettering. (Hovudeffekten sett til 75,0).

0.0

Eksempel på bruk av vignettering. (Hovudeffekten sett til 75,0).

+25.0


X-forskyving, Y-forskyving

Desse innstillingane styrer forskyvinga som kan oppstå når to linser i eit linsepar ikkje er heilt sentrerte.

Hovudeffekten eller Kant må ha ein verdi anna enn null for at effekten av denne innstillinga skal vere synleg.

Figur 16.122. Eksempel på bruk av X-forskyving (Hovudeffekten sett til 70,0)

Eksempel på bruk av X-forskyving (Hovudeffekten sett til 70,0)

-100.0

Eksempel på bruk av X-forskyving (Hovudeffekten sett til 70,0)

0.0

Eksempel på bruk av X-forskyving (Hovudeffekten sett til 70,0)

+100.0