3.5. HSV-støy

3.5.1. Oversyn

Dette filteret legg inn støy i det aktive laget eller i det aktive utvalet. Filteret bruker fargemodellen HSV slik at du kan endre støymengda for kulør, metning og lysverdi.

3.5.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterStøyHSV-støy

3.5.3. Innstillingar

Figur 16.26. Innstillingane for filteret “HSV-støy

Innstillingane for filteret HSV-støy

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.

Hald

Denne glidebrytaren styrer kor stor del av den opphavlege fargen som skal haldast igjen uforandra. Ein låg verdi vil føre til store fargeforandringar, medan ein høg verdi gir mindre endringar. Skalaen går frå 1 til 8.

Kulør

Denne glidebrytaren forandrar fargen på pikslane i eit tilfeldig mønster. Brytaren vel ut eit tilgjengeleg fargeområde på HSV-fargesirkelen med utgangspunkt i den originale pikselfargen. Skalaen går frå 0 til 255.

Metning

Denne glidebrytaren aukar metninga på dei strødde pikslane.

Verdi

Denne glidebrytaren aukar lysverdien på dei strødde pikslane.