4.4. Beskjer biletet

Figur 3.22. Eksempel på beskjering

Eksempel på beskjering

Originalbiletet

Eksempel på beskjering

Etter beskjeringa


Det kan vere mange grunnar for å beskjere eit bilete. Kanskje ønskjer du å lage eit rektangel kvadratisk, eller omvendt, eller du føler for å fjerne ein ubrukbar bakgrunn for å markera hovudmotivet betre. Du hentar fram beskjeringsverktøyet ved anten å klikke på symbolet i verktøykassa (den enklaste måten), eller høgreklikka på biletet og følgje menyen VerktøyTransformasjonsverktøyaBeskjer. Når beskjeringsverktøyet er aktivt, vil markøren forandra seg, og du kan klikke på eit vald startpunkt og dra eit rektangel ut på biletet så lenge du held museknappen nede. Denne gongen har eg vald biletet [APOD05].

Figur 3.23. Marker områet for beskjeringa

Marker områet for beskjeringa

Eg har som vane å klikke der eg reknar med at det øvre, venstre hjørne vil vere, og drar rektangelet nedover mot det høgre hjørnet slik pila viser. Du treng ikkje vere særleg nøyaktig i denne omgangen, du kan finjustera seinare.

Figur 3.24. Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Som oftast vil det vere behov for å finjustera beskjeringsrektangelet. Dette gjer du enklast ved å føre musepeikaren over firkanten i det aktuelle hjørnet og dra i ønskt retning medan du held den venstre museknappen nede, eller du kan flytte dei sidene som dannar hjørnet ved hjelp av piltastane. Passar ikkje denne metoden, kan du i staden skrive inn koordinata for det øvre, venstre hjørnet i rutene for Posisjon i verktøyinnstillingane og/eller breidda og høgda på beskjeringsrektangelet under menyvalet Storleik. Du kan flytte heile rektangelet ved å halde nede den venstre musebrytaren medan peikaren er inne i rektangelet, og dra det dit du ønskjer. For å utføre beskjeringa, klikkar du inne i rektangelet.

Har du av ein eller annan grunn lyst til å gjere biletet kvadratisk, finn du breidde og høgde for biletet ( sjå Seksjon 4.5, “ Å finne biletinformasjon og vel den minste av dei som referanse. I biletet mitt på 300 × 225 pikslar er det største kvadratet eg kan få 225 × 225 pikslar. Den enklaste måten er å krysse av for Fast sideforhold i verktøyinnstillingane, setje forholdet til “1 : 1” og skrive inn 225 for høgde eller breidde.

Du kan finne meir om dette verktøyet i Seksjon 4.4, “ Beskjering