6.5. Tekst

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-03-07 kost

Figur 13.154. Symbolet for tekstverktøyet i verktøykassa

Symbolet for tekstverktøyet i verktøykassa

Tekstverktøyet blir brukt til å setje tekst inn i biletet. Når du klikker på eit bilete med dette verktøyet, kjem det fram ein liten og enkel tekstbehandlar som du bruker for å skrive inn teksten. Denne teksten blir lagt inn i eit eige tekstlag. Du bestemmer skrifttype, farge o.l. i dialogen innstillingar, som du normalt finn like under verktøykassa.

Du kan flytte tekstlaget med flytteverktøyet, men sidan laget er gjennomsiktig utanom teksten, må du klikke på teksten for å “få tak”. Er teksten liten, kan det vere lurt å forstørre visinga.

6.5.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTekst,

  • ved å klikka på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen T

6.5.2. Verktøyinnstillingane

Figur 13.155. Innstillingane for “tekstverktøyet

Innstillingane for tekstverktøyet

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å (dobbelt)klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.

Skrifttypar

I GIMP kan du velje skrifttype på to måtar, anten frå skriftveljaren som høyrer til verktøyet, eller frå dialogen skrifttypar som kjem fram når du klikkar på DialogarSkrifttypar i biletmenyen. Begge metodane vel frå dei skrifttypane som er installerte i datamaskinen og tilgjengelege for GIMP. Skrifttypen du vel blir lagt til interaktivt i teksten din.

[Notat] Notat

Du kan få fram spesialteikn på same måten som i andre tekstbehandlingsprogram: AltGr + tast i Linux, Alt + tal skrivne på taltastaturet i Windows.

Storleik

Her bestemmer du kor stor skrifttypen skal visast, i den måleeininga du ønskjer.

Hinting

Hinting” er ein måte å forbetra skriftbiletet på. Hintinga forbetrar omrisset til skriftteikna. Særleg ved små skrifttypar vil dette gjere teikna tydelegare og dermed lettare å lese. GIMP hentar informasjonen for hintinga frå skrifttypen.

Tving automatisk hint

Dersom det ikkje finst informasjonar om hintinga i skrifttypen, vil GIMP prøve å rekne ut nødvendige data for hintinga sjølv.

Kantutjamning

Når denne er aktivert, vil teksten bli teikna med meir avrunda og mjuke kantar. Dette vil normalt forbetra det visuelle inntrykket av teksten. Unntaket kan vere dersom biletet ikkje er i RGB-format.

Farge

Skriftfargen er normalt sett til svart, men du kan velje andre fargar ved å trykke på denne fargeruta for å få opp fargeveljaren.

[Tips] Tips

Du kan også klikke og dra farge frå fargeområdet i verktøykassa over i boksen for tekstfarge.

Justering

Trykk på desse knappane for å bestemme om teksten skal vere venstrejustert, høgrejustert, midtstilt eller blokkjustert (med rette margar).

Innrykk

Bestemmer kor langt frå margen den første linja skal begynne. I ein tekst med fleire linjer, vil litt innrykk av førstelinja ofte gjere det enklare å lese teksten.

Linjeavstand

Her bestemmer du linjeavstanden. Innstillinga er interaktiv, dvs. resultatet blir synleg i teksten etter kvart som du forandrar innstillinga. Talet her er ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auke eller minske linjeavstanden med. Talet kan såleis også vere negativt.

Teiknavstand

Her bestemmer du avstanden mellom skriftteikna. Også her er talet ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auke eller minske avstanden med. Talet kan såleis også vere negativt.

Tekst langs bane

Dette valet er tilgjengeleg bare dersom det finst ein bane i biletet. Opprett eller importer ein bane og gjer denne aktiv.

Denne kommandoen er også tilgjengeleg frå “lagmenyen”:

Figur 13.156. Kommandoen “Tekst langs bane” mellom dei andre tekstkommandoane i lagmenyen

Kommandoen Tekst langs bane mellom dei andre tekstkommandoane i lagmenyen

Denne gruppa er synleg bare dersom det finst eit tekstlag i biletet.


Deretter aktiverer du tekstverktøyet og skriv inn teksten. Ønskjer du å bruke ein eksisterande tekst, gjer du denne aktiv frå lagdialogen, aktiverer tekstverktøyet og klikkar på teksten i biletvindauget. Hugs at banen er der, sjølv om han kanskje blir usynleg.

Klikk på knappen Tekst langs bane for å legge teksten langs banen. Teikna (bikstavane) blir viste bare med omrisset. Kvart teikn blir gjort om til ein del av den nye banen som blir vist i banedialogen. Innstillingane for baneverktøyet blir gjeldande også for denne nye banen.

Figur 13.157. Eksempel på bruk av “Tekst langs bane

Eksempel på bruk av Tekst langs bane
Eksempel på bruk av Tekst langs bane

Opprett bane frå tekst

Trykk på denne knappen for å gjere teksten om til ein bane. Kvart teikn i teksten blir omslutta av ein banekomponent. Du kan såleis forandre utsjånaden til bokstavane ved å flytte på kontrollpunkta for banen.

6.5.3. Tekstbehandlaren

Figur 13.158. Innstillingane for “tekstbehandlaren

Innstillingane for tekstbehandlaren

Oversyn

Dette dialogvindauget opnar seg når du klikkar på eit bilete med tekstverktøyet. Tekstbehandlaren er nokså enkel, men gjer stort sett nytta. Det er ikkje automatisk linjeskift, så du må setje inn dette sjølv med Enter-tasten.

Teksten du skriv inn er interaktiv på biletet. Dette betyr at han dukkar opp på biletet etter kvart som du skriv noe. Dersom der er merka av for Vis laggrenser i Vis-menyen, vil omrisset for tekstlaget vere synleg. Tekstlaga oppfører seg likevel litt annleis enn vanlege lag. Dette vil du sjå om du prøver å flytte på teksten med flytteverktøyet. Du må treffe sjølve teksten med peikaren, ikkje bare innføre ramma.

Du kan korrigera ein tidlegare innskriven tekst med tekstbehandlaren og også forandra skrifttype.

Treff ikkje teksten akkurat der du ønskjer, kan du flytte på han ved hjelp av flytteverktøyet. Hugs bare på at du må treffe sjølve teksten med musepeikaren. Samstundes forsvinn tekstbehandlaren, men den kan du få inn igjen. Sjå nedanfor.

Så snart du byrjar å skrive, blir det oppretta eit tekstlag i lagdialogen. Dersom du seinare ønskjer å forandra denne teksten, aktiverer du tekstlaget og får fram tekstbehandlaren ved å klikke på laget, eller dobbeltklikke dersom systemet er sett opp slik. Sjølvsagt kan du bruke dei same funksjonane på eit tekstlag som du bruker på andre biletlag.

For å legge til ein ny tekst klikkar du med tekstverktøyet på eit ikkje-tekstlag. For å skifte frå ein tekst til ein annan, aktiverer du det ønskte tekstlaget i lagdialogen og eventuelt aktivirer tekstbehandlaren ved å (dobbelt)klikke på laget.

Opna ein tekst frå ei fil

Dette gjer du enkelt ved å klikke på mappesymbolet i tekstbehandlaren.

Visk ut all tekst

Dette gjer du enkelt ved å klikke på Tøm i menylinja i tekstbehandlaren.

Frå venstre til høgre

Dette er knappen merka “VTH” i menylinja. (Venstre Til Høgre). Gjer at teksten blir skriven frå venstre mot høgre, slik som i dei fleste vestlege språka.

Frå høgre til venstre

Dette er knappen merka “HTV” i menylinja. (Høgre Til Venstre). Gjer at teksten blir skriven frå høgre mot venstre, slik som i mange orientalske språk. (Skrifta øvst på knappen er arabisk).

Bruk vald skrifttype

Normalt blir det brukt ein standard skrifttype. Dersom du ønskjer å bruke den skrifttypen du har vald i innstillingane, må du aktivere dette valet.

[Notat] Notat

Sjå også Seksjon 5, “ Tekst.