4.8. Perspektiv

Figur 13.113. Symbolet for “perspektivverktøyet” i verktøykassa

Symbolet for perspektivverktøyet i verktøykassa

Dette verktøyet blir brukt for å endre perspektivet for det aktive laget, det aktive utvalet eller for ein bane. Avhengig av kva type førehandsvising du har vald, vil det dukke opp ei ramme rundt, eller eit rutenett over laget eller utvalet når du klikkar på det. I kvart hjørne av ramma eller rutenettet finn du eit handtak forma som eit lite kvadrat som du kan klikke-og-dra rundt for å forandra perspektivet. I midten av elementet finn fu eit lite punkt som du kan ta tak i for å flytte heile elementet. Når du bruker verktøyet, vil det kome opp eit informasjonsvindauge med opplysningar om innstillingane du gjer.

[Notat] Notat

Verktøyet følgjer ikkje heilt reglane for å lage perspektiv, så kanskje hadde det vore rettare å kalle det eit “forvrengningsverktøy”.

4.8.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaPerspektiv,

  • Ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + P.

4.8.2. Verktøyinnstillingar

Figur 13.114. Innstillingane for “perspektivverktøyet

Innstillingane for perspektivverktøyet

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøykassa.

Transformér, retning, interpolasjon, klipping, førehandsvising

4.8.3. Dialogvindauget for perspektivverktøyet

Figur 13.115. Dialogvindauget for “perspektivverktøyet

Dialogvindauget for perspektivverktøyet

Matrise

Dei aktuelle parametra for dette verktøyet blir sett inn i ei matrise med tre kolonner og tre rader. Du kan finne litt om matriser i Seksjon 6.2, “ Konvolusjonsmatrise.