2.4. Fargekart for indekserte fargar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2551 $ 2008-03-10 KoSt

Figur 14.14. Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart

Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart
Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart

Dialogen med fargekart for indekserte fargar (også kalla indeksert palett) blir brukt for å redigera fargane i eit indeksert bilete. Dersom biletet er i RGB- eller gråskalamodus, vil dialogvindauget vise eit palett utan fargar. Dette dialogvindauget kan limast inn i andre dialogar som forklart nærare i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge. Du kan aktivere denne dialogen på to måtar:

2.4.1. Aktivering

  • Frå verktøymenyen: FilDialogarFargekart

  • eller frå biletmenyen: DialogarFargekart

2.4.2. Fargekart og indekserte bilete

I eit indeksert bilete er fargane tilordna pikslane på ein indirekte måte ved hjelp av eit fargekart. Dette fargekartet er ein tabell med opp til 256 ulike fargar rangert frå 0 til 255. Sjølv om fargekartet bare har plass til 256 ulike fargar, kan desse fargane vere kva som helst innanfor RGB-modellen. Rekkefølgja av fargane kan også vere tilfeldig.

I eit indeksert bilete får kvar piksel farge frå ein bestemt stad på fargekartet og ikkje, slik som i gråskalabilete eller RGB-bilete, frå fargen direkte. Når fargen for ein piksel skal visast, finn GIMP verdien av pikselen og hentar den fargen som ligg på tilsvarande stad i fargekartet. Litt matematisk kan vi skrive dette slik: farge = fargekart[pikselverdi]. Kvart indekserte bilete har sitt eige, private fargekart.

Det er viktig å vere klar over at fargane i fargekartet er dei einaste tilgjengelege fargane i eit indeksert bilete. Du kan gjere forandringar i fargekartet, men ikkje hente inn fargar til biletet frå andre stader enn frå kartet. Dette kan påverka mange av operasjonane du kan gjere på eit bilete. Bruker du for eksempel mønsterfyll, vil GIMP ikkje alltid finne den eksakte fargen i fargekartet men må slumpe litt og bruke den fargen som ligg nærast den ønskte fargen. [5] Dersom fargekartet er lite, altså med få fargar, kan dette resultere i nokså dårleg kvalitet.

Ved hjelp av dialogen for indekserte fargekart kan du forandra fargane i biletet ved å legge til eller fjerna fargar, eller forandra dei eksisterande fargane. Forandrar du farge nr. 0 frå blå til gul, vil alle pikslane i biletet som refererer til denne fargen også skifte frå blå til gul. I dialogen er fargane nummererte frå 0 i øvre, venstre hjørne, nr. 1 til høgre for denne osv.

2.4.3. Å bruke dialogen

Her er eit oversyn over operasjonar du kan gjere med denne dialogen:

Klikke på ein farge

Den fargen du klikkar på blir forgrunnsfargen vist i verktøykassa. Det er denne fargen som blir brukt som strekfarge på teikneoperasjonane.

Ctrl-klikk på ein farge

Ctrl+Klikk på ein farge gjer denne til bakgrunnsfargen i verktøykassa.

Dobbeltklikk på ein farge

Dette gjer fargen til forgrunnsfarge, men opnar også fargebehandlaren slik at du kan velje ein ny farge for denne indeksen.

Fargeindeks

Du kan markere ei fargeoppføring ved å skrive inn indeksnummeret, eller bruke piltastane (pil-opp/pil-ned).

Hextriplet

Her blir hexkoden for fargen vist. Kan vere nyttig dersom du skal bruke fargen i HTML-kode, altså i nettsider. Du kan også redigere fargen ved å skrive inn ny hexkode. Du finn meir om dette i ordlista under html-notasjon.

Rediger farge

Du kan også bruke denne knappen nede i venstre hjørne, for å hente fram fargebehandlaren for å redigere aktiv farge i fargekartet. Skilnaden frå dobbeltklikkinga, er at når du bruker denne knappen, blir ikkje fargen sett til forgrunnsfarge.

Legg til farge

Denne knappen, som du finn i nedre, høgre hjørne, blir brukt når du ønskjer å legge til ein ny farge i fargekartet. Trykker du på denne knappen, vil forgrunnsfargen som er vist i verktøykassa bli flytt til slutten av fargekartet. Dersom du held inne Ctrl-tasten medan du klikkar, vil bakgrunnsfargen bli brukt. Dette kan bare gjerast dersom fargekartet inneheld mindre enn 256 fargar.

[Tips] Tips

Dersom du gjer ein feil, kan du angre denne ved å gjere biletet som du har endra fargekartet for aktivt og deretter trykke Ctrl-Z eller bruke RedigerAngre i biletmenyen.

[Notat] Notat

Denne dialogen er den vanlegaste måten å forandre fargane i fargekartet for eit indeksert bilete på. Dei vanleg fargeverktøya som “lys/kontrast”, “kulør/metning” osv. verkar ikkje på indekserte bilete. Derimot vil ein del av programtillegga kunne brukast, for eksempel “normaliser”, “fargeforbetring” og “strekk kontrast”.

[Notat] Notat

Dersom du bruker ein farge som ikkje finst i fargekartet, vil GIMP bruke den fargen i fargekartet som kjem nærast.

2.4.4. Lokalmenyen for fargekartet

Du vel farge ved å høgreklikka på den i fargekartet. Samstundes blir lokalmenyen for fargekartet opna:

Figur 14.15. Lokalmenyen for fargekartet

Lokalmenyen for fargekartet

  • Rediger farge: Opnar fargeveljaren slik at du eventuelt kan endre fargen.

  • Legg til farge frå FG: Den valde fargen blir erstatta av forgrunnsfargen i verktøykassa. Dette valet er tilgjengeleg dersom den indekserte paletten har mindre enn 256 fargar. Den nye fargen blir lagt til i fargelista.

  • Legg til farge frå BG: Den valde fargen blir erstatta av bakgrunnsfargen i verktøykassa. Dette valet er tilgjengeleg dersom den indekserte paletten har mindre enn 256 fargar.

  • Ordne fargekartet på nytt: Klikkar du på denne, kjem det fram eit vindauge der du kan setje opp ei ny rekkefølgje for fargane. Vindauge inneheld også ei forklaring på korleis dialogen kan brukast.

    Figur 14.16. Vindauget “Ordne fargekartet på nytt” og tilhøyrande undermeny

    Vindauget Ordne fargekartet på nytt og tilhøyrande undermeny



[5] Dette blir ofte kalla kvantisering.