5. Å lage snarvegar til menyfunksjonane

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2354 $ 2007-01-27 KoSt

Mange av funksjonane som er tilgjengelege frå biletmenyen kan også aktiverast frå ein tastatursnarveg. Har du funksjonar du bruker ofte, kan det vere ei lette i arbeidet å lage slike snarvegar til desse. Det er to måtar å gjere dette på.

Prosedyre 11.1.  Å bruke dynamiske snarvegar

  1. Først må du gå inn i menyen Innstillingar og krysse av for Bruk dynamiske tastatursnarvegar i Grensesnitt-delen av menyen. Normalt er dette valet deaktivisert for å hindre at det blir laga uønskte snarvegar.

  2. Når du først er her, kontroller at også Lagra tastatursnarvegane ved avslutning er avkryssa slik at dei nye snarvegane blir lagra.

  3. For å lage snarvegen, plasserer du musepeikaren på kommandoen og skriv inn den ønskte tastekombinasjonen. Ikkje slepp opp tastane før den siste er skriven dersom du bruker fleire tastar. Pass også på at du heller ikkje leer museoeikaren,Du vil sjå at kombinasjonen dukkar opp til høgre for kommandoteksten.

  4. For å unngå konfliktar med eksisterande kombinasjonar, bør du bruke Ctrl+Alt+Key-sekvensar for dei nye snarvegane.

Figur 11.29. Å sette opp tastatursnarvegar

Å sette opp tastatursnarvegar

Prosedyre 11.2.  Å bruke snarvegsbehandlaren

  1. Du kjem fram til denne innskrivingsfunksjonen ved å klikke på knappen Sett opp tastatursnarvegar i “Grensesnitt”-delen i menyen Innstillingar.

  2. I denne dialogen klikkar du på den funksjonen du ønskjer å lage ny snarveg for og skriv inn tastekombinasjonen slik som nemnd ovanfor. (Eigentleg skal mellomromtasten viske ut snarvegen, og det gjer han, men snarvegen blir ikkje fjerna frå systemet).

  3. Du kan også bruke snarvegsbehandlaren til å setje opp parametra for verktøya frå tastaturet. Øvst i dialogvindauget finn du menyen Innhald som fører deg til verktøyparametra. For å forenkla arbeidet, er kvar verktøytype merka med eit ikon. (Denne funksjonen finst ikkje i den utgåva eg har, versjon 2.2.10 for Windows.)

[Notat] Notat

Tastatursnarvegane blir lagra i GIMP si skjulte mappe. I Linux er dette (/home/[username]/.gimp-2.4/menurc) og i Windows (XP) i C:\Documents and Settings\[Username]\.gimp-2.4\menurc. Dette er ei enkel tekstfil som kan kopierast utan problem til andre datamaskiner.