2.6. Biletavhengige skript

Frå og med versjon 2.4 av GIMP blei skript og filter som arbeider direkte på eit eksisterande bilete lagt inn i andre menyar. For eksempel er skriptet Ny pensel (script-fu-paste-as-brush) lagt inn i biletmenyen som RedigerLim inn som...Ny pensel der det logisk høyrer heime.

Det er også sett inn ein ny meny, Fargar, der alle operasjonane som har med fargar å gjere er samla.

Menyane Filter og Scripts-Fu er ombygde og er nå samla i den nye menyen Filter slik at programtillegg og filter som gjer nokolunde det same er samla på ein stad.

Menyen Scripts-Fu dukkar bare opp dersom du legg inn tilleggsskript som for eksempel pakka “gimp-resynthesizer” som følgjer med ein del Linuxdistribusjonar (.deb, .rpm, .gz...).