5.6. Banar og SVG-filer

SVG står for “Scalable Vector Graphics”, og er eit filformat som blir stendig meir brukt for å lagra vektorgrafikk. I vektorgrafikk er dei grafiske elementa uavhengige av storleiken på biletet. Dette i motsetnad til punktgrafikk, som lagrar dei grafiske elementa som biletpunkttabellar. GIMP er i hovudsak basert på punktgrafikk, men banane blir laga som vektorgrafikk.

Sagt på ein annan måte: I vektorgrafikk blir bare data for ankerpunkta og handtaka lagra. Strekane mellom ankerpunkta blir rekna ut når det er bruk for dei. Når du forstørrar eller forminskar eit slikt biletet, blir det like skarpt som originalen (dersom du ikkje lager det så lite at ankerpunkta går inn i kvarandre). I punktgrafikk blir, i teorien, alle biletpunkta lagra i tabellar. Bles du opp eit slikt bilete, vil det etter kvart bli uskarpt fordi kvart biletpunkt blir forstørra.

Banane i GIMP blir representerte på nesten same måten som i SVG-filene. (Banebehandlinga i GIMP blei skrive om i versjon 2.0 nettopp med tanke på å passa inn i SVG-systemet). Dette gjer det mogleg å lagra banane i GIMP som SVG-filer utan å missa informasjon på vegen. Dette gjer du frå fanemenyen i banedialogen som Eksporter bane, og Importer bane for å hente han inn igjen.

Dette betyr også at GIMP kan lage banar frå SVG-filer laga i andre biletbehandlingsprogram. To gode såkalla “open-source program” spesiallaga for å arbeide med vektorgrafikk er [INKSCAPE] og Sodipodi. Desse to programma har betre og kraftigare banebehandling enn GIMP. Du kan importera SVG-filer via fanemenyen i banedialogen (Importer bane). Sjå eventuelt også Seksjon 2.3, “ Banedialogen.

SVG-formatet kan i tillegg til å behandla banar, også behandla andre grafiske element som t.d. kvadrat, rektanglar, sirklar ellipsar og regelrette polygon osv. Frå og med GIMP 2.2 kan du lasta ned desse geometriske figurane som banar.

[Notat] Notat

I tillegg til å behandla banar i SVG-format, kan GIMP også opna SVG-filer som GIMP-bilete på vanleg måte.