14.20. Qbist

14.20.1. Oversyn

Figur 17.362. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret
Eksempel på bruk av filteret
Eksempel på bruk av filteret

Filteret Qbist genererer ein tilfeldig struktur sett saman av geometriske figurar og fargeovergangar.

14.20.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterelementQbist

14.20.3. Innstillingar

Figur 17.363. Innstillingane for filteret «Qbist»

Innstillingane for filteret «Qbist»

Dette filteret lager eit tilfeldig teksturmønster ved hjelp av geometriske figurar og fargeovergangar. Det ferdige biletet vil erstatta biletet i det aktive laget fullstendig.

Kantutjamning

Er denne aktivert, vert alle kantane i biletet glatta ut.

Angre

Gjer at du kan angra det siste du gjorde.

Opna, Lagra

Det er i praksis uråd å finne fram til eit tidlegare kreert mønster. Finn du eit brukbart forslag, er det difor greitt å kunne lagra dette og hente det fram igjen seinare.