14.2. Flamme

14.2.1. Oversyn

Figur 17.325. To eksempel på bruk av filteret «flamme»

To eksempel på bruk av filteret «flamme»
To eksempel på bruk av filteret «flamme»

Eksempel på bruk av filteret


Flammefilteret lager merkverdige, tilfeldige fraktalmønster. Du har ikkje same kontrollen med dette filteret som du har med filteret IFS-fraktal, men så er det enklare å bruke. Du kan styre slumpgeneratoren og velje mellom fleire ulike tema.

[Åtvaring] Åtvaring

Uheldigvis verkar dette filteret ikkje på store bilete. Utviklaren er diverrre ikkje med oss lenger, så det ser ikkje ut til at det er noko rask løysing i sikte.

[Notat] Notat

Dette programtillegget vart gjeve til GIMP i 1997 av Scott Draves, som har opphavsrett til filteret. Du kan finna ein omtale av programtillegget, godkjent av han, på [PLUGIN-FLAMES].

14.2.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret via FilterTeikningarFraktalarFlamme….

14.2.3. Innstillingar

Figur 17.326. Innstillingane for filteret «Flamme»

Innstillingane for filteret «Flamme»

Du kan setja parametera for Teikning og Kamera i hovudvindauget. Dei tre første parametera i teiknevisinga er Lysstyrke, Kontrast og Gamma. Resultatet vert vist i førehandsvisinga. Det er likevel som oftast lurast å halda seg til standardverdiane og korrigera resultatet seinar i Bilete/Fargar.

Dei andre tre parameterane påverkar teikneprosessen, og vert ikkje viste i førehandsvisinga. Den viktigaste av desse er punkttettleik, som kontrollerar oppløysinga i det teikna mønsteret. Ved hjelp av kameraparameterane kan du forstørra og forskyva flammemønsteret til du er nøgd med det du ser i førehandsvisinga. Du kan også lagra og henta fram vellukka flammemønster.

Rediger

Trykk på denne knappen for å opna redigeringsvindauget:

Figur 17.327. Dialogvindauget for flammeredigering

Dialogvindauget for flammeredigering

Dette vindauget viser ni ulike bilete. Det gjeldande mønsteret vert vist i midten medan dei åtte omkrinliggande bileta viser tilfeldige variasjonar av dette mønsteret. Klikkar du på biletet i midten, vert det laga åtte nye, tilfeldige mønster. Mønsteret i dei åtte bileta kan endrast ved å bruke glidebrytaren Fart. Dersom du klikkar på eit av dei åtte bileta, vert dette flytt til midten og vert det aktive mønsteret. I nedtrekksmenyen Variasjonar kan du velje mellom fleire ulike tema for å lage fraktalane. Endeleg kan du trykke knappen Slump for å lage nye, tilfeldige forslag.

Opna

Trykk på denne knappen for å hente inn tidlegare lagra innstillingar for dette filteret.

Lagra

Trykk på denne knappen for å lagre den gjeldande innstillinga for dette filteret.

Teikning

Lysstyrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor mørkt (0,0) eller lyst (5,0) mønsteret skal vere.

Kontrast

Med denne glidebrytaren bestemmer du kontrasten i mønsteret. Skala 0,0 til 5,0.

Gamma

Med denne glidebrytaren bestemmer du gammaverdien (ein fargekorreksjon i mellomtonene) i mønsteret. Skala 1,0 til 5,0.

Punkttettleik

Denne glidebrytaren kontrollerar oppløysinga i mønsteret. Verknaden er ikkje synleg i førehandsvisinga. Ein høg verdi resulterer i ei mjuk, edderkoppnettliknande teikning, medan ein låg verdi gjer at teikninga minner meir om maling med sprayboks eller partikkelskyer.

Overteikning i rommet

Det ser ut til at dette har noko med detaljutrekningane å gjere. Nokre forslag?

Radius for romfilteret

Det ser ut til at dette har noko med detaljutrekningane å gjere. Nokre forslag?

Fargekart

I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom ulike måtar å fargelegga flammemønsteret:

  • Den fargeovergangen som er vist i verktøykassa.

  • Ein del ferdigdefinerte fargekart.

  • Fargane frå eit bilete som var opna då filteret vart aktivert.

Kamera

Zoom

Denne glidebrytaren vert brukt for å forstørra eller forminska flammemønsteret.

X, Y

Blir brukte for å flytte flammemønsteret rundt om i biletet ved å bestemme x- og y-koordinata for mønsteret.