14.17. CML-utforskaren

14.17.1. Oversyn

Figur 17.349. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «CML-utforskaren» brukt med normalinnstillingane


Dette filteret er kongen blandt teksturfiltra. Det er svært effektivt, men diverre også svært komplekst. «CML» står for det engelsk «Coupled-Map Lattice» («samankopla avbildingsgitter»). Den matematisk metoden som ligg til grunn for filteret vert kalla «Cellular Automaton» (fleirtal: «Cellular Automata»). For å lære meir om denne matematikken, kan du gå inn på Wikipedia på [WKPD-CA] (engelsk).

14.17.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterelementCML-utforskaren

14.17.3. Innstillingar

14.17.3.1. Generelle innstillingar

Dei ulike filterinnstillingane er fordelte mellom fanane Kulør,Metning, Verdi, Utvida, Andre og Ymse instillingar. Desse innstillingane vert forklarte etter kvart.

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane vert ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Nytt frø, Fast frø, Tilfeldig frø

Slump er ein avgjerande faktor når det skal lagast mønster. I matematikken finst det faktisk ingen metodar for å laga heilt tilfeldige talrekker på. «Tilfeldige tal» er alltid eit resultat av diverse matematiske formlar. Desse formlane har alltid eit tal som utgangspunkt. Dette er «frøet». Når du klikkar på knappen Nytt frø, vil slumpgeneratoren byrje på ein heilt ny sekvens med eit nytt frø. Resultatet kjem fram i førehandsvisinga. Knappen Fast frø gjer at generatoren bruker det same startfrøet heile tida, og dermed lager det same mønsteret kvar gong. Eit trykk på knappen Tilfeldig frø vil generere eit nytt, tilfeldig frø.

Opna, Lagra

Med desse kommandoane kan du lagra innstillingane for eit mønster og hente det fram att seinare.

14.17.3.2. Innstillingane for filteret «CML-utforskar» (Kulør)

Figur 17.350. Fanen «Kulør»

Fanen «Kulør»

I denne fanen set du innstillingane for kulør ut frå fargemodellen HSV som dette filteret arbeider i.

Funksjonstype

Dette er ei nedtrekksliste med ulike metodar for behandling av det aktive laget:

Behald biletverdiane

Verdiane i biletet for kulør vert uendra.

Behald første verdien

Startfargen vil vere cyanblå (den første fargen i HSV-modellen).

Fyll med parameter k

Mønsteret vil vere avhengig av verdien k som kjem seinare i lista.

Ulike f(k)

Sjå «Fyll med k-parameter» ovanfor.

Deltafunksjon, Deltafunksjon stegvis

(Beskriving manglar)

sin^p-basert funksjon, sin^p stegvis

Desse funksjonane lager bølgjemønster noko liknande nordlys eller gardinfolder.

Komposisjon

Desse vala styrer kuløren. For å beskriva kva alle desse formlane gjer, trengst det ei eiga bok. Det er enklare å prøve dei ut på eige hand.

Ymse oppstillingar

Også i dette tilfellet vil det vere nødvendig med ei eiga bok for å beskriva alle funksjonane. Prøv deg fram i staden.

Bruk sykliske område

(Beskriving manglar)

Endringsgrad

Denne glidebrytaren styrer kor mykje filteret skal påverka biletet. Låge verdiar gir linjeformer medan høgare verdiar gir eit avrunda mønster.

Omgivnadsfølsemd

Her bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 1,0 kor mykje omgivnadane skal påverka resultatet.

Diffusjonsavstand

Kor langt skal fargane spreie seg. I praksis: Du påverkar retning og storleik for mønsteret.

Talet på underområde

Du kan her, på ein skala frå 1 til 10, bestemma kor komplekst mønsteret skal verta.

Eksponentfaktor (p)

Talet her er p som vert brukt i nokre av formlane i Funksjonstype. Skalaen går frå 0,0 til 10,0.

Parameter k

Talet her er k som vert brukt i nokre av formlane i Funksjonstype. Skalaen går frå 0,0 til 10,0.

Nedre grense

Set den lågaste verdien for kulør som skal brukast i utrekningane. Skala frå 0,0 til 1,0.

Øvre grense

Set den høgaste verdien for kulør som skal brukast i utrekningane. Skala frå 0,0 til 1,0.

Vis innstillingane grafisk

Klikkar du på denne knappen, kjem det opp eit vindauge som viser funksjonsgrafen for dei aktuelle kulørinnstillingane.

Figur 17.351. Funksjonsgraf for innstillingane

Funksjonsgraf for innstillingane

14.17.3.3. Innstillingane for filteret «CML-utforskar» (Metning)

Figur 17.352. Fanen «Metning»

Fanen «Metning»

I denne fanen finn du ein del kontrollar som styrer korleis metningsdelen av HSV-modellen skal brukast i mønsteret.

Alle innstillingane er omtalte i avsnittet om fanen Kulør. Sjå ovanfor.

14.17.3.4. Innstillingane for fanen «Verdi» i filteret «CML-utforskar»

Figur 17.353. Fanen «Verdi»

Fanen «Verdi»

I denne fanen finn du ein del kontrollar som styrer korleis verdidelen av HSV-modellen skal brukast i mønsteret.

Alle innstillingane er omtalte i avsnittet om fanen Kulør. Sjå ovanfor.

14.17.3.5. Innstillingane for fanen «Utvida» i filteret «CML-utforskar»

Figur 17.354. Fanen «Utvida»

Fanen «Utvida»

Innstillingane i denne fanen gjeld for alle tre HSV-kanalane.

Kanalfølsemd

(Beskriving manglar)

Mutasjonsrate

(Beskriving manglar)

Mutasjonsavstand

(Beskriving manglar)

14.17.3.6. Innstillingane for fanen «Andre» i filteret «CML-utforskar»

Figur 17.355. Fanen «Andre»

Fanen «Andre»

I denne fanen finn du ein del innstillingar som gjeld førehandsvisinga og startverdiar for slumpgeneratoren.

Startverdi

(Beskriving manglar)

Zoomfaktor

(Beskriving manglar)

Startforskyving

(Beskriving manglar)

Tilfeldig frø

(Beskriving manglar)

14.17.3.7. Innstillingane for filteret «CML-utforskar» (Ymse instillingar)

Figur 17.356. Fanen «Ymse innstillingar»

Fanen «Ymse innstillingar»

I denne fanen kan du kopiere innstillingar frå ein kanal til ein annan, og bestemme opningsinnstillingane.

Innstillingar for kopiering

Her kan du kopiere innstillingane frå ein kanal (kulør, metning og verdi) til ein annan kanal.

Selektive opningsinnstillingar

Når du trykker knappen Opna, kan du hente inn tidlegare lagra innstillingar. Dersom du ikkje ønskjer å laste ned alle innstillingane, kan du spesifisera ein kjelde- og ein målkanal her.