11.11. Teikneserie (tradisjonell)

11.11.1. Oversyn

Figur 17.218. Eksempel på bruk av filteret «Teikneserie (tradisjonell)»

Eksempel på bruk av filteret «Teikneserie (tradisjonell)»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Teikneserie (tradisjonell)»

Filteret «Teikneserie (tradisjonell)» brukt


Dette filteret forandrar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det kan minne om ei teikning laga med filtpenn i ein teikneserie. Dette vert gjort ved at pikslar som er tydeleg mørkare enn dei omkringliggande pikslane vert gjort endå mørkare. Lyse område i biletet vert ikkje forandra.

11.11.2. Aktivering

Du finn dette filteret i FilterArtistiskeTeikneserie (tradisjonell)….

11.11.3. Innstillingar

Figur 17.219. Innstillingane for filteret «Teikneserie»

Innstillingane for filteret «Teikneserie»

Maskeradius

Denne glidebrytaren bestemmer kor stort virkefelt filteret skal ha, dvs. kor brei filtpennen skal vera. Små tal gjev smal penn og meir detaljar i biletet, medan store tal gjev lite detaljar og ein brei strek.

Prosent svart

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje svart farge som skal tilføyast i biletet. Låge verdiar gir mjuke overgangar mellom farga område og svart. Dei svarte strekane vert tynnare og mindre synlege. Høge verdiar gjer strekane breiare, mørkare og skarpare. Som oftast får du det beste resultatet ved å velje ein verdi omtrent midt på skalaen.