6.27. Innrett synlege lag

Kommandoen Innrett synlege lag vert brukt til å setje nøyaktig posisjon for dei synlege laga, dvs. dei som er merkte med «auge»-ikonet i lagmenyen. Dette er særleg nyttig når du arbeider med animasjonar, som svært ofte har mange små lag. Klikkar du på kommandoen, opnar det seg eit dialogvindauge der du kan bestemme ein del verdiar for plasseringa.

[Notat] Notat

I GIMP 1.2 var det øverste synlege laget utgangspunktet for innrettinga. I GIMP 2 er utgangspunktet kantane på lerretet. Du kan også bruke botnlaget som basis for innrrettinga, sjølv om det ikkje er synleg, ved å markere for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis i dialogvindauget.

Figur 16.83. Eksempel på innretting

Eksempel på innretting

Eksempelbiletet inneheld fire lag på eit 150 x 150 piksel lerret. Det raude kvadratet er 10 x 10 piksel, det grøne rektangelet er 10 x 20 piksel og det gule er 20 x 10 piksel. Bakgrunnslaget, som er blått og på 100 x 100 pikslar, vert ikkje berørt av kommandoen sidan valet Ignorer det nederste laget er avkryssa i dialogvindauget. Legg merke til at på grunn av possisjonen laga har i biletet, ser det ut som dei har ei anna rekkefølgje på biletet enn i lagstakken. Det gule laget er topplaget på biletet, men det andre laget i lagstabelen.


6.27.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteInnrett synlege lag. Det er ingen snartastar for dette valet. Dersom biletet inneheld berre eitt lag, får du melding om at funksjonen berre kan brukast når det er fleire lag i biletet.

Figur 16.84. Melding om at det er for få lag

Melding om at det er for få lag

6.27.2. Beskriving av dialogen «Flett saman synlege lag»

Figur 16.85. Dialogvindauget for «Rett inn alle synlege lag»

Dialogvindauget for «Rett inn alle synlege lag»

Horisontal og vertikal Stil

Desse vala bestemmer korleis laga skal flyttast i høve til kvarandre. Du har valet mellom:

  • Ingen: Ingen endringar i nokon retning.

  • Samla: Dei synlege laga vert innretta slik det er bestemt i Horisontal basis og Vertikal basis. Dersom du set Horisontal basis til Høgre kant, kan du risikera at laga forsvinn frå lerretet. Du kan hente dei fram igjen ved å forstørra lerretet. Dersom du har markert for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis, vert laga innretta på det øvre, venstre hjørnet av botnlaget.

    Figur 16.86. Horisontal «Samla» innretting (etter kanten av lerretet)

    Horisontal «Samla» innretting (etter kanten av lerretet)

    Originalbiletet med lagstabelen

    Horisontal «Samla» innretting (etter kanten av lerretet)

    Laga er flytta slik at den venstre kanten er innretta etter den venstre kanten på lerretet.


    Figur 16.87. Horisontal «Samla» innretting (etter botnlaget)

    Horisontal «Samla» innretting (etter botnlaget)

    Originalbiletet med lagstabelen

    Horisontal «Samla» innretting (etter botnlaget)

    Laga er flytt horisontalt slik at den venstre kanten fluktar med den venstre kanten til botnlaget.


  • Fyll (frå venstre til høgre); Fyll (frå topp til botn): Dei synlege laga vert innretta etter lerretet i høve til den kanten du valde med Horisontal basis eller Vertikal basis. Laga vert sett opp slik at dei ikkje overlappar kvarandre. Topplaget i stakken vert sett heilt til venstre, eller øvst) i biletet. Botnlaget vert sett lengst til høgre (eller nedst) i biletet. Dei andre laga vert fordelte jamnt mellom desse to plasseringane. Dersom det er merkt av for Bruk det (usynlege) botnlaget som utgangspunkt, vert laga innretta i høve til den tilsvarande kanten i botnlaget.

    Figur 16.88. Horisontal «Fyll» innretting (lerret)

    Horisontal «Fyll» innretting (lerret)

    Originalbiletet med lagstabelen

    Horisontal «Fyll» innretting (lerret)

    Horisontal fylling, venstre til høgre, utan avmerking for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis. Topplaget i lagstabelen, det grøne, er sett heilt til venstre. Botnlaget i lagstabelen, det raude, er sett heilt til høgre. Det gule laget er sett mellom desse to.


    Figur 16.89. Horisontal «Fyll» innretting (botnlaget)

    Horisontal «Fyll» innretting (botnlaget)

    Originalbiletet med lagstabelen

    Horisontal «Fyll» innretting (botnlaget)

    Dei same parametra som i det førre eksemplet, men med det nedre, blå, laget som basis.


  • Fyll (høgre til venstre); Fyll (botn til topp): Desse verkar som dei ovanfor, men i omvendt rekkefølgje.

    Figur 16.90. Vertikal «Fyll» innretting (botnlaget)

    Vertikal «Fyll» innretting (botnlaget)

    Originalbiletet med lagstabelen

    Vertikal «Fyll» innretting (botnlaget)

    Vertikal «Fyll» innretting, botn til topp. Botnlaget som basis


    Det må vere minst tre synlege lag i biletet for å kunne bruke «Fyll»-innstillingane.