3.2. Variablar og funksjonar

Nå som vi veit at alle utsegner i Scheme er omslutta av parentesar og at alle funksjons- og operatornamna kjem først i lista, er vi klare for å sjå på korleis vi kan lage og bruke variablar og funksjonar. Vi byrjar med variablane.

3.2.1. Deklarera variablar

Den vanlegaste måten å deklarera variablar på, er ved hjelp av konstruktøren let*. (I andre språk vil dette vere ekvivalenten til å definera ei liste eller ein tabell med lokale variablar og områda dei kan nyttast i). Som eit eksempel kan vi definera to variablar, a og b, og tilordna dei verdiane 1 og 2. Å «tilordna» vil seia å bestemme kva verdi variabelen skal ha. a vert tilordna 1, dvs. vert gitt verdiinnhaldet 1. («a = 1»). Dette kan vi skrive slik:

        (let*
           (
              (a 1)
              (b 2)
           )
           (+ a b)
        )
      

eller på ei linje:

(let* ( (a 1) (b 2) ) (+ a b) )
[Notat] Notat

Når du bruker konsollvindauget, er du nøydd til å skriva alt på ei linje. Elles kan du nytta den metoden du meiner gir best oversyn over programmet. Meir om dette i under «blankteikn».

Dette deklarerar to lokale variablar, a og b, legg verdiar i variablane, her a = 1 og b = 2, og skriv ut summen av dei: 3.

3.2.2. Kva er ein lokal variabel?

Du la kanskje merke til at vi skreiv addisjonen (+ a b) innføre parentesane til let*-uttrykket, og ikkje etter.

Dette er fordi utrykket let* definerer området i skriptet der desse variablane er gyldige, altså der dei kan brukast. Prøver du å skriva uttrykket (+ a b) etter uttrykket (let* …), vil du få ei feilmelding. Dei deklarerte variablane er berre gyldige innføre det uttrykket dei er definerte inni. Dei er det programmerarane kallar lokale variablar.

3.2.3. Den generelle let*-syntaksen

(Syntaks = skrivemåte) Den vanlege forma for eit let*-utsegn er:

        (let* ( variables )
          expressions )
      

der variablane er deklarerte innføre parentesar, t.d. (let* …), og uttrykka er eit gyldig uttrykk i Scheme. Hugs at variablane som vert definerte her er lokale variablar, og såleis ikkje gyldige utføre let*-uttrykket.

3.2.4. Blankteikn (kvite mellomrom)

Tidlegare har vi nemnd at det er mogleg å bruke mellomrom og innrykk for å gjere programmet tydelegare, dvs. lettare å lesa. Dette er ein god vane å ta med seg, og er ikkje noko problem i Scheme. Du kan altså setje inn blankteikn så mykje du ønskjer. (Blankteikn er heilt alminnelege mellomrom som ikkje trengst i programmet, men vert sett inn for å gjere det enklare for oss å lesa kva som står på skjermen). Dersom du arbeider i konsollvindauget for Script-Fu må du skrive inn heile uttrykket i ei linje. Alt mellom opnings- og lukkingsparentesen må vere på ei linje.

3.2.5. Å tilordna ein nye verdi til ein variabel

Det er ofte behov for å endre innhaldet i ein variabel. Dette kan gjerast med kommandoen set!. Eit eksempel:

        (let* ( (theNum 10) ) (set! theNum (+ theNum theNum)) )
      

Prøv å finna ut kva uttrykket gjer, og skriv det etterpå inn i konsollvindauget.

[Notat] Notat

Bakoverstrekane «\» er ein vanleg måte å indikera at det ikkje skal vere linjeskift her. Ikkje skriv bakoverstrekane inn i Script-Fu og ikkje trykk Enter-tasten. Berre fortsett med neste linje dersom skriptet er delt på to linjer, eller på same linja dersom alt er på ei linje. ( «\» er sett inn her i tilfelle du har så smal skjerm at uttrykket må delast på to linjer).

3.2.6. Funksjonar

Når du nå har fått taket på dette med variablar, er det på tide å gå vidare med funksjonar. Alle funksjonar vert definerte etter dette mønsteret:

        (define
           (
              name
              param-list
           )
           expressions
        )
      

der namn er namnet på funksjonen, parameterliste er ei liste med parameternamn skilde med mellomrom, og uttrykk er ein serie med uttrykk som funksjonen utførar når han vert kalla opp. «define» er eit ord som fortel Scheme at nå skal det definerast ein funksjon. Eksempel:

(define (AddXY inX inY) (+ inX inY) )

AddXY er funksjonsnamnet og inX og inY er variablane. Denne funksjonen adderer verdiane som vert lagt i dei to parametra.

Dersom du er van med andre programmeringsspråk som C/C++, Java, Pascal og liknande, kan det vere du saknar eit par ting i denne definisjonen:

  • Legg merke til at parametra er ikkje definerte med «type». Dei er altså ikkje definerte som type «type string», «type integer» osv. Scheme er eit typelaust språk. Dette gjer det litt raskare å skrive skripta.

  • Du treng heller ikkje bekymra deg om korleis funksjonen skal returnere resultatet. Funksjonen sender tilbake verdien av det siste uttrykket. Skriv funksjonen ovanfor inn på konsollen og prøv ut dette, eller noko liknande:

    (AddXY (AddXY 5 6) 4)