6.25. Flett saman synlege lag

Kommandoen Flett saman synlege lag fletter dei laga som er avmerka som synlege, dvs. som har synleg «augeikon» i lagdialogen, saman til eit enkelt lag.

[Notat] Notat

Dette valet fører til at dei synlege laga forsvinn. Kommandoen nytt frå synlege vil legge eit nytt lag øvst i stakken utan å slette dei synlege laga.

6.25.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteFlett saman synlege lag …,

  • eller med snartastane Ctrl+M.

6.25.2. Beskriving av dialogen «Innstillingar for fletting av lag»

Figur 16.81. Dialogen «Innstillingar for fletting av lag»

Dialogen «Innstillingar for fletting av lag»

Det ferdige laget skal:

(Synlege lag er dei laga som er merka med eit augesymbol i lagdialogen).

  • utvidast etter behov: Det nye laget vert stort nok til å innehalde alle dei laga som skal flettast. Hugs at i GIMP kan eit lag vere større enn biletet.

  • klippast etter biletet: Det nye laget vert like stort som biletet. I GIMP kan eit lag vere større enn biletet. Med denne innstillinga vert alt som er større enn biletet klipt bort.

  • klippast etter botnlaget: Det nye laget vert like stort som botnlaget. Dersom botnlaget er mindre enn nokre av dei synlege laga, vert det overskytande klipt bort.

Flett berre innføre aktiv gruppe

Dette sjølvforklarande valet er tilgjengeleg når det finst ei laggruppe.

Fjern usynlege lag

Fører til at alle laga som ikkje er merka som synlege vert fjerna frå lagstabelen.

Figur 16.82. Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

To av dei tre laga er synlege

Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

«Fjern usynlege lag» er ikkje avkryssa

Eksempel på bruk av «Fjern usynlege lag»

«Fjern usynlege lag» er avkryssa