6.11. Konverter til fargeprofil

Med Konverter til fargeprofil kan du konvertere eit bilete frå den gjeldande ICC-profilen til ein annan ICC-profil.

6.11.1. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteFargestyringKonverter til fargeprofil.

6.11.2. Brukarnotat for Konverter til fargeprofil

I eit program som brukar ICC-profilar, slik GIMP gjer det, vil det til kvart bilete vera ein ICC-profil som mellom anna fortel fargehandteringssystemet (i GIMP Little CMS) kva fargemodell som skal brukast når biletet vert teikna på skjermen.

Av og til kan det vera nødvendig å omforma eit bilete frå den opphavlege ICC-profilen til ein anna ICC-profil. Nokre eksempel:

  1. Du ønskjer å konvertere biletet frå ein fargemodell til GIMP sin innebygde sRGB-fargemodell.

  2. Du ønskjer å konvertere biletet frå ein fargemodell til ein skrivarprofil før du sender biletet til trykking.

  3. Den brukte fargemodellen er feil i høve til redigeringsprogrammet du brukar.

6.11.3. Eit eksempel med skjermbilete som viser korleis du kan bruka Konverter til fargeprofil

Lat oss seia at du har gjort ferdig eit bilete med GIMP sin innebygde sRGB-fargeprofil og ønskjer å konvertere ein utflata kopi til ein skrivarprofil før du skriv det ut. Skjermbileta nedanfor viser korleis du gjer dette:

  1. Vel «Bilete/Fargestyring/Konverter til fargeprofil» for å få opp dialogvindauget Omform til ICC-fargeprofil: dialog:

  2. Under Gjeldande fargeprofil er ein omtale av den gjeldande fargeprofilen, i dette tilfellet den innebygde GIMP-profilen sRGB. Klikk på symbolet framføre teksten for å få opp litt meir informasjon om profilen.

    Trykk på symbolet framføre Profildetaljar for å få opp informasjon om ICC-profilen som biletet vert konvertert til. Før du har lagt til ein ny profil, vil profilen i boksen Konverter til vera GIMP sin innebygde sRGB-profil.

    Skjermbiletet nedanfor viser eit eksempel på kva som kan dukka opp når du trykkjer på symbolet framføre teksten:

  3. Mellom Konverter til og Profildetaljarfinn du ein nedtrekksmeny du kan bruka for å finna ein ny profil. Når dy trykkjer på nedtrekkslista kjem det opp ei liste over tidlegare brukte profilar, om det er nokre. Nedst i lista finn du valet Vel fargeprofil frå disk :

  4. Trykkjer du på Vel fargeprofil frå disk … kjem dialogvindauget Vel målprofilen opp slik at du kan leita deg gjenom lagringsmedia etter den ønskte profilen. Vindauget har tre område:

    1. Feltet til venstre viser mappestrukturen for lagringsmedia.

    2. Området i midten viser ei liste over tidlegare brukte profilar, dersom det er nokre.

    3. Klikkar du på ein av dei tidlegare brukte profilane, vert informasjon om denne profilen vist i området til høgre.

    Sidan profilen er vist i lista over tidlegare brukte profilar, kan du merkja profilen direkte i lista og trykkja på knappen Opna nede til høgre i dialogvindauget. Er profilen ikkje i lista, må du finne fram til han slik neste skjermbilete viser.

    [Notat] Notat

    «Målprofilen» er profilen du vil byte til. «Kjeldeprofilen» er den ICC-profilen som opphavleg er brukt i bilete.

  5. Som du kan sjå av skjermbiletet nedanfor, kan du bruka det venstre og det midtre området av dialogvindauget Vel målprofil for å finna den ønskte ICC-profilen. Når du markerer profilen vert den innebygde informasjonen om han vist i det høgre området. Trykk på knappen Opna for å velja «målprofilen».

  6. Når du trykkjer på knappen Opna vert dialogvindauget Konverter til ICC fargeprofil opna igjen slik at du får ein ny sjanse til anten å godta valet eller finna ein ny profil:

  7. Når du er sikker på at du vil bruka den valde profilen, er det tid for å velja korleis konverteringa skal gjerast:

    Før konverteringa vert gjennomført, har du to val:

    1. Vel i nedtrekksmenyen Fargetilpassing korleis fargetilpassinga skal gjerast. Du kan velja mellom tilpassingane:

      • Perseptuell

      • Relativt kolometrisk

      • Metting

      • Absolutt

    2. Bestem om du vil bruka svartpunktkompensering:

      • Kryss av framføre boksen Svartpunktkompensering for å bruka svartpunktkompensering.

      • Vil du ikkje bruka svartpunktkompensering, fjern avmerkinga framføre Svartpunktkompensering.

  8. Trykk på knappen Konverter når du har sett dei innstillingane du ønskjer å bruka for konverteringa. Biletet vert då konvertert til den valde målprofilen: