6.12. Fjern fargeprofil

Fjern fargeprofil fjernar den gjeldande ICC-profilen frå biletet og set inn GIMP sin innebygde sRGB-profil i staden.

[Notat] Notat

Tilordning av ein ny profil til eit bilete endrar ikkje dei aktuelle kanalverdiane for biletet. Bruk av ein ny ICC-profil endrar berre kva kanalverdiane betyr, noko som gjer at utsjånaden til biletet vert endra. Dette gjeld ikkje når den opphavlege profilen og den nye profilen er funksjonelt like.

6.12.1. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteFargestyringFjern fargeprofil.

6.12.2. Brukarnotat for Fjern fargeprofil

Viss du fjernar fargeprofilen for biletet:

  1. vert utsjånaden på biletet endra, unntatt dersom biletet alt har ein ICC-profil med ein fargemodell som er den same som GIMP sin innebygde sRGB-profil.

  2. vert ikkje kanalverdiane i biletet endra sjølv om du fjernar den gjeldande profilen og set inn GIMP sin innebygde sRGB-profil i staden.

Det kan vera nyttig å fjerna den gjeldande profilen dersom du ønskjer å eksportera eit bilete utan den innebygde ICC-profilen.

Fjern fargeprofil kan berre nyttast dersom ICC-profilen brukt i biletet ikkje er GIMP sin innebygde sRGB-profil. GIMP sin innebygde sRGB-profil vert ikkje lagt inn i biletet ved eksport til lagringsmedium.