2.10. Lagra ein kopi…

Kommandoen Lagra ein kopi gjer det same som kommandoen Lagra, men med ein viktig skilnad: Du vert alltid bede om å skriva inn eit filnamn før biletet vert lagra i XCF-format. Namnet på det aktive biletet vert ikkje forandra, og biletet vert heller ikkje merkt som «reint». Prøver du å lukka biletet eller avslutta GIMP, får du spørsmål om å lagra biletet først.

Denne kommandoen vert mest brukt for å lagra ein kopi av eit bilete før du byrjar å gjere forandringar på det. Skulle alt gå gale, har du kopien å falle tilbake på.

2.10.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via FilLagra ein kopi. Det finst ingen tastesnarveg til denne.