2. Oppsettsmapper

Første gongen du tek i bruk GIMP, går programmet gjennom fleire steg for å setja opp diverse opsjonar og filkatalogar. Mellom anna vert det laga ein underkatalog med namnet GIMP med ei versjonsavhengig undermappe, for eksempel GIMP/2.10. All informasjonen om dei ulike innstillingane du gjer vert lagra her. Dersom du fjernar denne mappa, eller gjev ho eit nytt namn, vil GIMP gå gjennom oppstartsprosedyrane på nytt neste gong, og laga ei ny GIMP/2.10-mappe. Du kan utnytta dette dersom du ønskjer å utforska ulike innstillingar utan å øydeleggja det gjeldande oppsettet, eller dersom du skulle hamne så ettertrykkeleg i suppa at alt må gjerast om igjen.

Oppsettsmappa vert lagra i

2.1. Tips og triks

Berre eit par tips før du går i gang. Det første: GIMP har ein del innebygde tips som du kan få fram frå menyen HjelpDagens tips. Desse tipsa fortel ting om GIMP som det ikkje alltid er så lett å finna ut av på eige hand ved prøving og feiling, så dei er vel verd tida du brukar på dei. Det andre: Dersom du prøvar å gjera eitt eller anna og det ser ut til at GIMP ikkje vil meir, eller oppførar seg på ein uventa måte, kan det vera eit forsøk å lesa kapitletVanlege årsaker til at GIMP ikkje reagerer før du gjev heilt opp. Happy Gimping!