3. Kva skjer med feilmeldinga når ho er sendt?

Alle feilmeldingar har sin eigen «Status» som fortel kva som er gjort med meldinga. Her er ei forklaring på kva dei ulike meldingane i «Status» betyr:

Unconfirmed (Ubekrefta)

Dette er den første statusmeldinga som vert lagt til rapporten. Ho fortel at meldinga er mottatt men ikkje handsama av nokre av feilrettarane eller at feilrettarane ikkje er sikre på korleis rapporten skal handsamast vidare og difor ikkje har lagt til nokon statusrapport. I dei verste tilfella kan ein rapport ha status som ubehandla i nærare eitt år, men det er heldigvis unntaka.

New (Ny)

Dette betyr at ein av feilhandsamarane har lese rapporten og meiner at rapporten er gyldig og bør handsamast vidare. Det betyr ikkje alltid at noko vert gjort med ein gong. Nokre feilrapporter, spesielt ønskje om tilleggsprosedyrar, kan verta liggjande lenge før nokon finn på å gjera noko med dei. Andre kan verta retta opp i løpet av nokre få timar.

Assigned (Tilordna)

Dette betyr at ein bestemt person har sagt seg villig til å sjå nærare på rapporten. Dette betyr ikkje nødvendigvis at denne personen kjem til å gjere noko med rapporten med det første. Verda er ikkje alltid slik vi skulle ønskje det. I praksis kan altså «Assigned» ofte bety det same som «New».

Reopened (Opna på nytt)

Dette betyr at utviklarane eigentleg hadde tenkt å gjere rapporten ferdig, men at eitt eller anna kom i vegen. Som oftast at forslaget til reparasjon ikkje var godt nok.

Needinfo (Treng meir info)

Skulle denne statusmeldinga dukka opp, bør du vere på vakt. Ho betyr kort og godt at reparatørane treng meir informasjon om feilen. Som regel vert det ikkje gjort noko meir med feilen før du har reagert og har gjeve dei ønskte opplysningane ved å leggja inn ein kommentar. Dersom det går for lang tid før du gir respons, kan du risikera at feilmeldinga vert klassifisert som «Incomplete», altså ufullstendig.

Resolved (Løys på nytt)

Dette betyr at problemløysarane meiner dei har løyst problemet. Dersom du ikkje er samd i dette, kan du opna meldinga på nytt. Sidan svært få er motiverte for å arbeide vidare med ei feilmelding dei eigentleg meiner dei er ferdig med, skal du ha nokså gode grunnar for å gjere det. Det finst fleire måtar å Resolve ein feil, her er kva dei ulike Resolution-meldingane betyr:

Fixed (reparert)

Feilrapporten var korrekt og GIMP er nå forandra. Feilen er vonleg reparert.

Wontfix (Ikkje verd arbeidet)

Feilreparatørane er samde i at feilrapporten var korrekt, men at det vil ta for mykje tid og arbeid å retta feilen, eller at feilen berre oppstår i ekstreme situasjonar som brukarane (nesten) aldri opplever ved normal bruk.

Duplicate (Kopi)

Feilen er rapportert av andre. Får du denne meldinga, vil du som regel også få lenker til den første rapporten. Her kan du ofte finna nok av nyttig informasjon om feilen.

Notabug (Ikkje feil)

Feilen er ingen feil. Du, og andre, kan meine det er ein feil, men programmet er meint å vere slik. Utviklarane er uvillige til forandre programmet.

NotGnome (Ikkje Gnome)

Feilrapporten er korrekt, men kan ikkje rettast ved å forandre GIMP. Problemet ligg i operativsystemet, vindaugebehandlaren eller andre stader GIMP ikkje rår med. Av og til kan dette resultera i ein rapport til rette vedkomande utanom GIMP-miljøet.

Incomplete (Ufullstendig)

Feilrapporten inneheld ikkje nok informasjon og innsendaren har ikkje reagert på spørsmål om ytterlegare informasjonar. Som oftast vert rapporten ståande minst ein månad eller to før han eventuelt vert fjerna.

Invalid (Ugyldig)

Eitt eller anna er feil med rapporten. Vanlegaste feilen er at rapporten er sendt inn fleire gonger. Dette kan lett skje ved eit uhell i somme nettlesarar. Ukorrekt beskriving av korleis programmet oppfører seg, kan også hamne her.

[Notat] Notat

Dersom du er usamd i handsaminga av ei feilmelding, kan du alltid leggja inn ein merknad om dette. Alle merknadar lagt til rapporten vert rapporterte i ein e-post til GIMP si Bugzilla postliste slik at kommentaren i det minste vert lese av utviklarane. Dette betyr likevel ikkje at dei nødvendigvis vil svara på meldinga.