2.3. Gaussisk sløring

2.3.1. Oversyn

Figur 16.9. Example for the “Gaussisk sløring” filter

Example for the Gaussisk sløring filter

Originalbiletet

Example for the Gaussisk sløring filter

Blur applied


Dette filteret verkar på kvar piksel i det aktive laget eller det aktive utvalet ved at pikselen blir sett til ein gjennomsnittsverdi av alle dei omkringliggande pikslane. Kor mange pikslar som skal vere med i utrekningane blir bestemt av radius sett i dialogen. Dess høgare verdi, dess meir sløring. Dersom du bryt lenka sett i dialogvindauget mellom horisontal og vertikal, kan du setje radius for desse uavhengig av kvarandre. GIMP bruker to ulike metodar for utrekningane, “IIR G.B.” og “RLE G.B.”. Resultatet blir det same, men på noen bilete er den eine raskast, på andre er den andre raskast.

2.3.2. Activate the filter

You can find this filter in the image menu under FiltersBlurGaussian Blur

2.3.3. Innstillingar

Figur 16.10. Gaussian” filter parameters settings

Gaussian filter parameters settings

Sløringsradius

Her bestemmer du mengda av sløring. Dess høgare tal dess meir sløring. Du kan også bryte lenka og setje ulik sløring for vassrett og loddrett. Vil du bruke andre einingar enn piksel, bruker du nedtrekkslista.

Sløringsmetode

IIR: (“Infinite Impulse Response”). Denne metoden verkar som oftast best for høge radiusverdiar og for bilete som ikkje er laga med datamaskin, dvs. fotografi.

RLE: (“Run Length Encoding”). Denne metoden er som oftast best for bilete som er laga med datamaskin eller bilete som inneheld store område med konstant intensitet, dvs. teikningar.